Rolf Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Nilssen
Fødd 25. januar 1928
Død

13. juli 2012

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Rolf Nilssen (25. januar 19283. juli 2012) var ein norsk arbeidar og kontorist frå Narvik. Han representerte Troms fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1977 - 1989.

Nilssen var son til ein anleggsarbeidar, og var sjølv maskinarbeidar 1948-49 ved LKAB i Narvik. Deretter arbeidde han som fyrbøtar på NSB sine lokomotiv fram til 1962. Åra 1962-65 var han LO-sekretær i Nordland med bustad i Bodø. I 1965 flytta han til Tromsø, då han vart tilsett som leiar av LO sitt distriktskontor i Troms.

Frå 1952 til 1963 hadde Nilssen plass i formannskapet i Narvik. Også i Tromsø var han formannskapsmedlem, då i dei åtte åra frå 1968 til -75. Perioden 1974-78 var Nilssen landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti.

Hausten 1977 vart Nilssen vald til stortingsrepresentant frå Troms. Med attval i 1981 og 1985 vart han sitjande på Tinget i tolv år. Dei fyrste tre månadene var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, resten av den fyrste fireårsperioden var han med i Finanskomiteen. Han var så medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen frå oktober 1981 til mai 1986, sidan var han nestleiar i same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi