Rolf Thommessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Thommessen
Rolf and Ola Thommessen 1908.jpg
Fødd 22. juli 1879
Christiania
Død

9. desember 1939
Oslo

Yrke journalist, politikar, kunsthistorikar, redaktør
Far Olaf Anton Thommessen

Rolf Thommessen (22. juli 18799. desember 1939) var ein norsk journalist og politikar frå Oslo. Han var sjefredaktør for avisa Tidens Tegn frå 1917 til 1938, og representerte Akershus og Frisinna VenstreStortinget i valbolken 1928-30. Han var son til Ola Thommessen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thommessen studerte kunsthistorie ved Universitetet i Oslo og ved universitet i Paris og Berlin. I 1908 vart han dr. philos. på avhandlinga «Kunstneren i den græske kunst». Han arbeidde som kunstkritikar i Verdens Gang 1901-10, ved Historisk museum 1908–1910 og var universitetsstipendiat 1909–10. I 1910 tok han til som journalist i Tidens Tegn og vart redaktør i 1915, frå 1917 som einerådande redaktør. Avisa satsa under hans leiing på kulturstoff og på biletstoff, noko son var uvanleg i samtidige norske aviser.

Thommessen hadde ei rad politiske verv for Frisinna Venstre. Frå 1923 var han formann i partiet 1933, samstundes skjøtta han vervet som generalsekretær. Han var varaordførar i Bærum 1928–31. Som stortingsmann 1928–1930 sat han i Universitets- og fagskulekomiteen og i Den store budsjettkomiteen. Høgreorienterte Thommessen støtta det konservative Fedrelandslaget i 1925 og let Nasjonal Samling profilere seg i Tidens Tegn i 1933. Avidsdrifta gjekk dårlegare på 1930-talet, og han trekte seg heilt ut i 1938.

Han busette seg på Hisøy i Aust-Agder, der han døydde i desember 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk biografisk leksikon