Fedrelandslaget
| Fedrelandslaget | |||
| | |||
| Skipa | 25. januar 1925 | ||
|---|---|---|---|
| Leiar | Joakim Lehmkuhl, Victor Mogens | ||
| Ideologi | konservatisme, antikommunisme, korporativisme, nasjonalisme | ||
| Medlemmer | 100 000 | ||
Fedrelandslaget var ein norsk høgrenasjonalistisk organisasjon som vart skipa i 1925. Ingeniøren Joakim Lehmkuhl er rekna som initiativtakar til skipinga. Elles var polfararen Fridtjof Nansen og tidlegare statsminister Christian Michelsen med mellom stiftarane. Føremålet med organisasjonen var å skapa ein borgarleg front mot den framveksande sosialismen. Høgresida i norsk politikk skulle samlast. Fedrelandslaget spela ei viktig rolle i stortingsvalet i 1930, utan sjølv å stilla til val.
Om Fedrelandslaget i 1930-åra seier Norgeslexi dette: «I 1930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge.»[1]
Den seinare skiparen av Anders Langes Parti (no Framstegspartiet), Anders Lange, var partisekretær i Fedrelandslaget frå 1930 til 1938.
Ved stortingsvalet i 1936 stilte Fedrelandslaget eigne lister i nokre fylke og felleslister med Frisindede Folkeparti i andre, men oppnådde ikkje å bli vald inn på Stortinget. Fedrelandslaget vart forbode saman med alle andre politiske rørsler under den tyske okkupasjonen, og starta ikkje opp igjen aktiviteten sin etter frigjeringa.
Kjende medlemer
[endre | endre wikiteksten]- Fridtjof Nansen
- Vidkun Quisling
- Christian Michelsen
- Hjalmar Riiser-Larsen
- Jens Bratlie
- Tryggve Gran
- Anders Lange
- Johan Hjort
- Bjørn Helland-Hansen
- Johan Bernhard Hjort
- Olaf Broch
- Johan Throne Holst
- Thorvald Aadahl
- Frøis Frøisland
- Jacob Stenersen Worm-Müller
- Ola Thommessen
- Rudolf Falck Ræder
- Thomas Olsen
- Walter Fyrst
- Adolf Egeberg jr.
- Carl Johan Erichsen
- Eugène Olaussen
- Herman Scheel
- Jørgen Blydt
- Lars Eskeland
- Lars Olsen Aukrust
- Ranik Halle
- Albin Eines
- Arne Meidell
- Herman Meinich
- Joakim Lehmkuhl
- John Aalmo
- Olav Moe
- Ole Jacob Skattum
- Oluf Müller
- Simen Fougner
- Victor Mogens
- Johannes Bragstad
- Severin Eskeland
- Sverre Mitsem
- Alf Amble
- Anders Fjelstad
- Eiliv Odde Hauge
- Fredrik Barbe Wallem
- Johan Ernst Mowinckel
- Realph Norland
- Stein Barth-Heyerdahl
- Terje Baalsrud
- Valentin Rosenlund
- Waldemar Stoud Platou
- Wilhelm Nicolaysen
- Birger Kildal
- Carl Hagbarth Gulbranson
- Christopher Borchgrevink
- Fredrik Odfjell
- Holger Ursin
- Leiv Lea
- Olav Arnstad
- Ole Melvold
- Ole Rømer Aagaard Sandberg
- Oluf Skjelbred-Knudsen
- Otto Skirstad
- Reidar Foss
- Roar Matheson Bye
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Norsk krigsleksikon 1940-45», norgeslexi.com, arkivert frå originalen 20010303220441, henta 9. mars 2026
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fridtjof Nansens tale ved stiftelsen av Fedrelandslaget (1925) Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. på http://historie.cappelen.no Arkivert 2007-02-07 ved Wayback Machine.