Ronald Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronald Jensen
Fødd 1946
Yrke skihoppar

Ronald Jensen (fødd 1946), opphavleg frå Sandnes i Sør-Varanger, er ein tidlegare skihoppar som representerte IL i BUL og fotballspelar for Stabæk Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jensen vart nummer 15 i normalbakken under verdsmeisterskapen i Oslo i 1966. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1966/67 og 1967/68, og vart begge gongane nummer 11 samanlagt. Hans beste plassering i enkeltrenn i hoppveka var fjerdeplassen i Bischofshofen 8. januar 1967. Under hopprennet i Svenska skidspelen i Falun i 1967 vart han nummer tre, bak landsmennene Lars Grini og Bent Tomtum. Han tok bronsemedalje i stor bakke på Voss under noregsmeisterskapen på ski 1967 og i stor bakke i Meldal i noregsmeisterskapen på ski 1970.

Sesongane frå 1971 til -73 spelte han på Stabæk sitt andredivisjonslag i fotball, der han var angrepsspelar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1966: Nr 15 i normal bakke under VM i Oslo
  • 1967: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1968: Nr 5 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Nr 8 i normalbakken i Oslo
  • 1966: Nr 4 i storbakken på Rena
  • 1967: Bronsemedalje i storbakken på Voss
  • 1970: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 1971: Nr 12 i storbakken i Bærum

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar