Rowan Atkinson
Rowan Atkinson | |||
![]() | |||
Fødd | 6. januar 1955 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Consett | ||
Fødenamn | Rowan Sebastian Atkinson | ||
Aktive år | 1979– | ||
Verka som | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, komikar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, manusforfattar, elektroingeniør, skodespelar, produsent, filmprodusent, TV-regissør, birolleinnehaver | ||
Mor | Ella May Bainbridge | ||
Far | Eric Atkinson | ||
Ektefelle | Sunetra Sastry | ||
Sambuar | Leslie Ash, Louise Ford | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden, British Academy Television Award for Best Entertainment Performance, British Academy Television Award for Best Entertainment Performance, Laurence Olivier Award for Best Comedy Performance, Den britiske imperieordenen, British Academy Television Awards, Laurence Olivier Award, Diamond Play Button |
Rowan Sebastian Atkinson (fødd 6. januar 1955) er ein britisk skodespelar og komikar, mest kjend for rollene sine som «Sorte Orm» og «Mr. Bean» i TV-seriane med same namn. I 2003 blei han kåra som ein av dei 50 morosamaste personane innan britisk komedie av avisa The Observer.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Atkinson er frå Consett i County Durham i England.[1][2][3][4] Han var den yngste av dei fire sønene til Eric Atkinson, ein gardbrukar og styreleiar, og Ella May (fødd Bainbridge), som gifta seg i 1945.[4] Eldstebroren Paul døydde som liten, den neste, Rodney, blei seinare ein euroskeptisk økonom som stilte til partileiarvalet til UK Independence Party i 2000, og Rupert.[5][6]
Atkinson var elev ved privatskolen Durham Cathedral Choristers, der den framtidige statsministeren Tony Blair også var elev.[7]
Etter å ha fått toppkarakterar i A levels i naturvitskap,[8] studerte Atkinston elektroteknikk ved Newcastle University, der han fekk ein BSc i 1975.[9][10]
Han oppnådde ein master ved University of Oxford.[11] Atkinson byrja på doktorgardsstudiar ved Queen's College i Oxford, der far hans tidlegare hadde vore student, men gav dei opp etter kort tid for å bli skodespelar.[12][13][14] Han fekk eit æresdoktorat (Honorary Fellow) ved colleget i 2006.[15]
Atkinson blei med i The Oxford Revue, og fekk nasjonal merksemd ved Edinburgh Festival Fringe i august 1976.[9] Han hadde då allereie skrive og spelt sketsjar i Oxford for The Etceteras, revygruppa til Experimental Theatre Club (ETC), og for Oxford University Dramatic Society (OUDS), der han møtte dramatikaren Richard Curtis[9] og komponisten Howard Goodall, som han kom til å halda fram å samarbeida med seinare i karrieren sin.[16]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Radio
[endre | endre wikiteksten]Atkinson spelte i radiokomedien The Atkinson People på BBC Radio 3 i 1979, ein serie oppdikta intervju med store menn som alle blei spelte av Atkinson. Serien var skriven av Atkinson og Richard Curtis, og produsert av Griff Rhys Jones.[17]
Film og fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]Etter fleire mindre komiske roller på fjernsyn blei Atkinson med i Not the Nine O'Clock News for BBC i 1979. Han var ein av sketsjforfattarane, og opptredde i lag med Pamela Stephenson, Griff Rhys Jones og Mel Smith.[18]
Blackadder
[endre | endre wikiteksten]Etter suksessen med Not the Nine O'Clock News fekk Atkinson hovudrolla som Edmund Blackadder i den historiske komedien Blackadder ( Sorte Orm) Frå 1983 til 1989 laga BBC i alt 24 episodar av den populære humorserien. Den fyrste sesongen, The Black Adder (1983), var skriven av Atkinson og Richard Curtis, der Atkinson spelte ein dum og vond lord i ein alternativ versjon av mellomalderen. Den andre serien, Blackadder II (1986), var skriven av Curtis og Ben Elton, og følgde ein etterkomar av den opphavlege hovudfiguren i elisabethansk tid, som no var ein slu antihelt. Neste sesong Blackadder the Third (1987), gjekk føre seg i regencytida, og Blackadder Goes Forth (1989) under fyrste verdskrigen. Serien blei ein av dei mest suksessfulle situasjonskomediane til BBC, og det blei også laga spesialepisodar som Blackadder's Christmas Carol (1988).
Mr. Bean
[endre | endre wikiteksten]
Atkinson er mest kjend for den morosame og uheldige rollefiguren Mr. Bean, som fyrst dukka opp på nyttårsdagen i 1990 i eit innslag på Thames Television. Atkinson dukka opp på komedie-festivalen i Montréal i 1987 og 1989. Fleire oppfylgjarar i serien om Mr. Bean dukka opp på britisk TV i 1990, og sidan kom kinofilmane Mr. Bean - Den store katastrofefilmen i 1997, regissert av Mel Smith, og Mr. Beans ferie i 2007.
Film og seinare roller
[endre | endre wikiteksten]
Rowan Atkinson debuterte som filmskodespelar i 1983 med ei birolle i den «uoffisielle» James Bond-filmen Never Say Never Again, i tillegg til hovudrolla hans i filmen Dead on Time, der han mellom anna spelte mot Nigel Hawthorne. Han dukka òg opp i Mel Smith sin regidebut The Tal Guy i 1989. Han har òg spelt saman med Anjelica Huston og Mai Zetterling i filmen basert på Roald Dahl si bok Heksene, som kom ut i 1990. I 1993 spelte han rolla som Dexter Hayman i Hot Shots! Del Deux, ein parodi på Rambo III, der Charlie Sheen hadde hovudrolla.
I 1995 og 1996 hadde Atkinson rolla som inspektør Raymond Fowler i den populære fjernsynsserien The Thin Blue Line skriven av Ben Elton, som fann stad på ein politistasjon i den oppdikta byen Gasforth. Ei anna kjend rolle han har hatt var rolla hans som ein uheldig løynleg agent for det britiske M15. Han spelte òg i ein komisk parodi på Doctor Who. Han hadde også blitt vurdert som ein kandidat til å spela hovudrolla som doktoren i sjølve showet.
Atkinson fekk ytterlegare heider som skodespelar for rolla hans som ein verbalt klossete prest i 1994 i filmen Fire bryllaup og ei gravferd. Same år blei han omtala i Walt Disney-filmen Løvenes konge. Atkinson hald fram med ymse biroller i fleire vellykka komediar. Til dømes då han hadde rolla som Enrico Pollini i Rat Race (2001), Scooby-Doo (2002), og Love Actually (2003). I 2005 spelte han i krimkomedien Keeping Mum der mellom anna Kristin Scott Thomas, Maggie Smith og Patrick Swayze også var med.
I 2003 hadde han hovudrolla som Johnny English i filmen med det same namnet. Filmen var ein parodi av James Bond. Oppfylgjaren, Johnny English Reborn, kom ut i 2011, og Johnny English Strikes Again kom ut i 2018.
I 2009 hadde Atkinson rolla som Fagin i West End-musikalen Oliver! ved Theatre Royal i Drury Lane. Denne framsyninga blei regissert av Rupert Goold.[19] Rolla hans fekk positive meldingar, og han blei nominert til ein Olivier-pris for henne.[20]
I 2023 spelte Atkinson ein prest i filmen Wonka, ein prequel til Charlie and the Chocolate Factory.[21]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Atkinson trefte kona si Sunetra Sastry for fyrste gang på 1980-talet då ho arbeidde som sminkør i BBC. Sunetra har indisk far og britisk mor. Atkinson gifta seg med henne i New York i 1990. Dei fekk to born saman. I 2015 skilde dei lag. Atkinson fann seinare kjærleiken med skodespelaren Louise Ford i 2019.[22][23] Han eig hus i Northamptonshire i Oxfordshire og London.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2013 blei Atkinson utnemnd til kommandør (CBE) av Order of the British Empire for arbeidet sitt innanfor drama og velgjerd.[24][25]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rowan Atkinson bids farewell to Mr. Bean.». Consett Magazine. 29. oktober 2018.
- ↑ «UPI Almanac for Sunday, Jan. 6, 2019». United Press International. 6. januar 2019. Arkivert frå originalen 11. september 2019. Henta 10. september 2019. «actor Rowan Atkinson in 1955 (age 64)»
- ↑ «Rowan Atkinson: Biography». TV Guide. Henta 9. februar 2012.
- ↑ 4,0 4,1 Barratt, Nick (25 August 2007). «Family Detective – Rowan Atkinson». The Daily Telegraph (UK). Arkivert frå originalen 25. desember 2018.
- ↑ Foreign Correspondent – 22 July 1997: Interview with Rodney Atkinson Arkivert 7 August 2009 ved Wayback Machine. , Australian Broadcasting Corporation. Vitja 27. januar 2007.
- ↑ Profile: UK Independence Party, BBC News, 28. juli 2006. Vitja 27. januar 2007.
- ↑ «The disaster that really worries Mr Bean's brother». The Independent (på engelsk). 23. oktober 2011. Arkivert frå originalen 2- juli 2022. Henta 7. januar 2021.
- ↑ Roberts, J F (2014). The True History of the Black Adder: At Last, the Cunning Plan, in All Its Hideous Hilarity. Random House UK. s. 20. ISBN 978-0-09-956416-4.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «BBC – Comedy Guide – Rowan Atkinson». BBC. 4 December 2004. Arkivert frå originalen 4. desember 2004. Henta 29. desember 2008.
- ↑ Inspirational Alumni – website of Newcastle University
- ↑ «Rowan Atkinson | Biography, Movies, TV Shows, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 22. november 2022
- ↑ The Stuttering Foundation (13. mars 2019). «Who Knew? Mr. Bean?».
- ↑ «page 6: "The donation was given in memory of Rowan Atkinson's father, Eric Atkinson, who graduated at Queens in 1935."» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 11. juli 2011. Henta 21 June 2011.
- ↑ Rees, Jasper (19. januar 2013). «Q&A: Comedian Rowan Atkinson». theartsdesk. Henta 29. august 2024.
- ↑ «queens iss 1» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 18. oktober 2012. Henta 21. juni 2011.
- ↑ «New singing supremo has county roots». Oxford Mail. Henta 12. august 2022.
- ↑ Pick of the Day, The Guardian, 31. januar 2007.
- ↑ «Not Again: Not the Nine O'Clock News». BBC. Henta 12. juni 2022.
- ↑ Spencer, Charles (Januar 2009). «Review of Oliver! opening night». The Telegraph (London). Arkivert frå originalen 25 October 2013. Henta 24. januar 2015.
- ↑ «Olivier award winners 2010». The Olivier awards. Mars 2010. Arkivert frå originalen 10. februar 2015.
- ↑ D'Alessandro, Anthony (21 September 2021). «Wonka: Warner Bros Movie Adds Sally Hawkins, Rowan Atkinson, Olivia Colman & Jim Carter». Deadline Hollywood. Arkivert frå originalen 29 September 2021. Henta 14. juli 2022.
- ↑ «Mr Bean leaves wife of 24 years for younger woman», Stuff (på engelsk), 11. november 2015, henta 22. november 2022
- ↑ «Rose Matafeo's ex-boyfriend James Acaster opens up about being dumped for Mr Bean», Stuff (på engelsk), 4. mars 2019, henta 22. november 2022
- ↑ «Page 7 | Supplement 60534, 15. juni 2013 | London Gazette | The Gazette», www.thegazette.co.uk, henta 22. november 2022
- ↑ «Birthday Honours: Adele joins Blackadder stars on list». BBC News (på engelsk). 14. juni 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Rowan Atkinson» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2022.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rowan Atkinson» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rowan Atkinson ved IMDb
- Rowan Atkinson biography at BFI Screenonline
- Rowan Atkinson interview on BBC Radio 4 Desert Island Discs, 20 May 1988