Ruben
Ruben er eit mannsnamn av hebraisk opphav som tyder sjå, ein son!.
I Noreg har Ruben namnedag 28. november.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Namnet Ruben var lite bruka i Noreg fram til midten av 1970-åra, så populariteten tok seg kraftig opp
Utvikling i bruken av namnet etter folketeljingane:
- 1801: 1 mann i Nærøy var manntalsført som Ruben
- 1900: 37 menn var manntalsførte med namnet Ruben; flest i Østfold
- 2008: 2744 har Ruben til første fornamn
Ruben som bibelsk namn[endre | endre wikiteksten]
Ruben var eldste sonen til Lea og patriarken Jakob [1] og stamfar til ein av dei tolv jødiske stammane.[2]
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Rubén Serrano (f. 1970), spansk barnebokforfattar
- Rubens Barrichello (f. 1972), brasiliansk formel 1-køyrar
- Ruben S. Gjertsen (f. 1977), norsk samtidskomponist
Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ruben hjå Statistisk Sentralbyrå