Rudolf Nurejev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolf Nurejev
Nureyev 10 Allan Warren.jpg
Fødd17. mars 1938
FødestadIrkutsk
Død6. januar 1993 (54 år)
DødsstadLevallois-Perret
Aktive år1958–1992
Verka somballettdansar, koreograf, dirigent, skodespelar, dansar, ballettmeister, filmskodespelar, filmregissør
PrisarRidder av Æreslegionen, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Capezio Dance Award, ridder av Ordre des Arts et des Lettres

Rudolf Khametovitsj Nurejev (17. mars 19386. januar 1993) var ein sovjetiskfødd dansar som ofte blir rekna som ein av dei beste mannlege dansarane frå 1900-talet.

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Nurejev var fødd i ein tatarfamilie på eit tog nær byen Irkutsk. Han blei fødd eit par dagar for tidleg, og var den yngste av 4 barn. Han voks opp under 2. verdskrigen i eit lite hus i byen Ufa, og familien var fattig. Han blei mobba på skulen fordi han måtte gå i den gamle jakka til systera og fordi han ikkje hadde sko. Nurejev såg sin fyrste ballett på nyttårssaftan 1945. Det var då han bestemte seg for at han ville bli dansar.

Til å byrja med dansa han berre folkedansar, men etterkvart blei han oppdaga av ballettlærarar som såg talentet hans. Dei meinte han burde byrja på Leningrad ballettskule, men faren hans forbaud han å dansa. Heldigvis fekk han hjelp av mor si til å snika seg ut av huset. Då han var 15, arbeidde han som ekstradansar på det lokale operahuset. Då han byrja å tena pengar, kunne han betala for timar med ballettkompaniet. Etterkvart fekk han dansa med corps de ballet og var med på ein turne fordi ein annan dansar hadde skadd seg. Han fekk soloen fordi han var den einaste som kunne dansen. Nurejev kunne læra seg kombinasjonar og dansar berre ved å sjå på dei ein gong. I 1955 byrja han endeleg på Leningrad ballettskule.

Dansar i Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Over dei neste tre åra jobba han hardt for å ta igjen dei andre på sin alder. Dette gav resultat, men han fekk rykte som ein bråkmakar, fordi han nekta å følgja regler som han meinte var dumme. Etter at han var ferdig med danseutdanninga blei han teken opp ved Kirovballetten som solodansar. Han var tilsett der i 3 år og dansa 15 rollar med alle damene i kompaniet.

I 1961 drog Kirov på sin første utanlandsturne til Paris. Nurejev gjekk ut om nettene med franske dansarar, noko som ikkje var lov for kompaniet. Eigenviljen og haldningane hans førte til frykt hjå det kommunistiske regimet i Kreml for at han ville hoppa av til Vesten, og dermed påføra regimet eit propagandanederlag. Då Kirov-turneen skulle vidare frå Paris til London, freista den sovjetrussiske ambassaden, under ulike påskot, å få sendt Nurejev direkte tilbake til Russland frå flyplassen i Paris. Til trass for eit stort oppbod av sovjetisk ambassadepersonell på flyplassen le Bourget, klarte Nurejev, ved hjelp av vener og det franske politiet på flyplassen, å hoppa av til Vesten under utropet: «Eg vil vera fri!»

Dansar i Vesten[endre | endre wikiteksten]

Liliana Cosi og Rudolf Nureyev i 1972.

Nurejev blei medlem av eit ballettkompani i Paris, men slutta etter eit par månader fordi han var misnøgd med koreografen. Deretter byrja han samarbeidet med Royal Ballet og Margot Fonteyn i London.

Fram til 1970-talet var han tilsett ved Royal Ballet, men dansa òg med mange andre kompani. Han dansa mange av dei klassiske ballettane på sin eigen måte, og dansa over 100 nyare ballettar med 40 koreografar, der nokre kjende er L’Apres Midi d'un Faune og Le Spectre de La Rose. Han dansa både klassisk ballett og moderne dans. I dag er detta vanleg, men han var ein av dei første som framførte begge teknikkane. Nurejev er opphavsmannen til École française.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

På 1980-talet var Nurejev med i fleire filmar, men klarte ikkje halda fram med dette som ein karriere. I 1983 blei han direktør i Paris Opera, og i 1989 vitja han Russland og den døyande mor si for fyrste gong sidan 1961.

Siste år[endre | endre wikiteksten]

Nurejev hadde gjennom heile livet hatt ein indre konflikt kring seksualiteten sin. Han var homofili, og den store kjærleiken hans var dansaren Erik Bruhn. Ein gong tidleg på 1980-talet blei han smitta med HIV-viruset, og han blei døydeleg sjuk i 1990. Den siste førestillinga hans var La Bayadère i 1992. Han døydde av AIDS 6. januar 1993 i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Rudolf Nurejev