Rue de la Grande-Chaumière

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rue de la Grande-Chaumière.
Académie de la Grande Chaumière i nummer 14.

La rue de la Grande-Chaumière er ein 137 meter lang gatestubb på Montparnasse i området le quartier Notre-Dame-des-Champs i 6. arrondissement i Paris i Frankrike, ei sidegate til boulevard du Montparnasse. Gata vart opparbeidd i 1830, og hadde då namnet rue Chamon. Det noverande namnet har gata fått etter ein utandørs danserestaurant som vart kalla bal de la Grande-Chaumière, opna i 1788, nedlagd i 1853, som låg litt lenger sør, langsetter sørsida av eit parti av den dåverande gata les Boulevards du Midi som i dag er gata boulevard du Montparnasse.

Grande-Chaumière-gata har fått sin plass i kunstsoga ved at det i nummer 14 vart skipa ei privat kunstskule i 1904 av den sveitsiske Martha Stettler (1870-1945) som ho gav namnet l'Académie de la Grande Chaumière, og som vart vidgjeten på byrjinga av 1900-talet. Her vart det undervist i både målarkunst og skulptur av kjende kunstnarar som gjorde at skulen drog til seg elevar frå fleire land. Mange av dei vart med tida mellom dei mest framståande i eige land, og somme av dei jamvel internasjonalt. I 1957 vart undervisninga teke opp att i to atelier i regi av l'Académie Charpentier, skipa av familien Charpentier, men huset og undervisninga går framleis under namnet l'Académie de la Grande Chaumière.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]