Ruhnu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruhnu
Fyret på Ruhnu
Fyret på Ruhnu
Geografi
Ruhnu-pos.jpg
Stad Rigabukta
Koordinatar 57°48′N 23°15′E
Areal 11,9 km²
Administrasjon
Land Estland
Maakond Saare maakond
Demografi
Folketal 75

Ruhnu (svensk Runö) er ei øy i Rigabukta i Austersjøen. Øya høyrer til Estland og er ein kommune i Saare maakond. Ruhnu har eit areal på 11,9 km² og om lag 75 fastbuande. Øya ligg 37 km aust for den latviske byen Kolka og 96 km sørvest for den estiske byen Pärnu.

Øya er 5,5 km lang i nord-sørretning og 3,5 km brei i aust-vestleg retning. Terrenget på øya er flatt. Det høgaste punktet, Haubjerre (svensk Högberget) når 30 meter over havet. Her står Ruhnu fyr (Ruhnu tuletorn).

Dagens innbyggjarar på Ruhnu er stort sett estarar, men før 1944 hadde øya i fleire hundre år etnisk svensk folkesetnad, og tradisjonell svensk rett var i bruk. Svenskane på Ruhnu hadde truleg budd på øya i minst 700 år, og dei snakka ein gamaldags austsvensk dialekt (kalla «runsk»).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvinner frå Ruhnu i folkedrakt i 1937.

Det eldste dokumentet som omhandlar Ruhnu er datert 28. juli 1341, då biskop Johannes i Kurland i eit brev gav innbyggjarane på øya rett til å «halde sin eigedom etter svensk rett».

Ruhnu høyrde til Sverige mellom 1621 og 1708 (formelt til 1721), og deretter det russiske imperiet fram til den første verdskrigen. Under den første verdskrigen var øya okkupert av Tyskland. Etter krigen ønskte enkelte at Ruhnu (Runö) igjen skulle verte ein del av Sverige, og Latvia gjorde òg krav på øya, men innbyggjarane på øya valde å verte ein del av det nye, sjølvstendige Estland. Ei folketeljing i 1934 viste at øya hadde ein folkesetnad på 282, der 277 var etniske svenskar og 5 var etniske estarar.

Under den andre verdskrigen var Ruhnu, saman med resten av Estland, først okkupert av Sovjetunionen (1940-1941) og deretter Tyskland (1941-1944). I november 1943 flytta ei gruppe på 75 innbyggjarar frå øya til Sverige. I august 1944, kort tid før Sovjetunionen igjen okkuperte øya, flykta nesten heile den gjenverande folkesetnaden på øya til Sverige. Berre to familiar vart att på Ruhnu.

Under perioden med sovjetisk okkupasjon etter 1944 vart Ruhnu folkesett av sivile estarar. Øya hadde òg ein liten sovjetisk militær garnison. Folketalet kom aldri over 400 igjen, og etter ein storm på 1970-talet flytta det meste av folkesetnaden frå øya. Etter at Estland igjen vart sjølvstendig i 1991 vart eigedomar og bygningar på øya tilbakeførte til dei opphavlege eigarane frå før den sovjetiske okkupasjonen, eller til etterkomarane deira. Dei fleste av desse var busette i Sverige. Dei fleste av dei valde å ikkje flytte til Ruhnu, men vitjar likevel stundom øya som forfedrane deira budde på.

Ruhnu i dag[endre | endre wikiteksten]

Ruhnu gamle kyrkje

Den unike byggjestilen på Ruhnu vart i stor grad øydelagd under den sovjetiske okkupasjonen, og i dag er det berre restar igjen av han. Den eldste kjende svenske garden nokon stad, Korsgården, er likevel delvis bevart. Skulen på Ruhnu har no svensk som framandspråk. Den gamle kyrkja, tileigna St. Magdalena, er frå 1644. Ho erstatta eit kapell frå austsida av øya. Denne trekyrkja er den eldste bevarte trebygningen i Estland. Ei nyare kyrkje i stein vart vigd 20. juli 1912 ved sida av den gamle kyrkja. Ruhnu har hatt fyr sidan 1646. Dagens fyr er frå 1877.

Ruhnu har ein liten flyplass og flysamband med Pärnu og Kuressaare. Det er òg ferjesamband til øya.

Ruhnu er eit av dei mest isolerte busette områda i EU.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]