Ruseløkka skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′48″N 10°43′32″E

Ruseløkka skule
Ruseløkka skole.jpg
SkuletypeBarne- og ungdomsskule, 1.–10. trinn
Grunnlagd1871, skal opna att i 2020
KommuneOslo
AdresseLøkkeveien 15

Ruseløkka skule
59°54′48″ N 10°43′32″ E

Ruseløkka skule var ein 1–10-skule (barne- og ungdomsskule) på Ruseløkka i bydel Frogner i Oslo. Skulen var teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer og vart etablert i 1871. Han var matrikulert til Løkkeveien, sentralt i Oslo, nær Nationaltheatret stasjon.

Ruseløkka skule stod klar i 1871. I 1891 fekk skulen bygd  ein tredje etasje og overlærerbygning, i 1938 fekk skulen endå ein etasje og to nye fløyer.

Under andre verdskrigen rekvirerte den tyske okkupasjonsmakta skulen og brukte han som kaserne med namnet Kaserne Ostpreussen. Under skulen vart det bygt bunker for den tyske etterretningstenesta. Etter krigen overtok Forsvarets overkommando og E-tenesta denne såkalla Ruseløkkabunkeren, og dreiv herfrå etterretning og overvaking av telefonar (som då berre var fastnett-telefonar) i Noreg heilt fram til 1989, mellom anna skildra i rapporten frå Lund-kommisjonen i 1996. Heimevernets distrikt HV-02 Oslo og Akershus har deretter nytta bunkeren som lager og møterom i ei periode, fram til bunkeren vart teken ut or bruk og avstengt[1].

Skulen er omtala som eit av dei monumentale skulebygga i Oslo på nettstaden til Oslo kommunes byarkiv, men vart likevel vedteken riven i 2017.[2] Etter lokale protestar vart rivinga forseinka, men beslutninga om å rive vart stadfesta av Byrådet hausten 2017,[3] og i juni 2018 var rivinga i gang.[4]

Ruseløkka skulekorps[endre | endre wikiteksten]

Ruseløkka skulekorps vart stifta 3. mars 1933. Korpset samarbeider med Oslo musikk- og kulturskule.

Rektorar[endre | endre wikiteksten]

  • 2008-2011, 2012-2014: Elin Tinderholt Brandsæter (til Fagerborg skule)
  • 2011-2012: Gro Kindem Nordstrand (fungerande)
  • 2014-: Merete Hansen

Planar om nytt skulebygg[endre | endre wikiteksten]

Det er planlagt ny skule på Ruseløkka med ferdigstilling i 2020.[5]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo kommune om soga til Ruseløkka skule på nettsida Osloskolen
  2. Rusdal, Espen H. (17. november 2016). «Ruseløkka skole rives». Dagsavisen. Henta 17. november 2016. 
  3. Dagsavisen 27. september 2017
  4. Oslo kommune: Siste nytt om rivingen av Ruseløkka skole
  5. Aftenposten (31. mars 2018): Vil rive videregående skole for å bygge barneskole. Her er Oslos nye skolekart. Henta 9. april 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]