Russisk salat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Russisk salat

Russisk salat er ein tradisjonell russisk salatrett som òg er utbreidd i andre land som tidlegare var del av Sovjetunionen og andre stader i verda. Det finst ulike oppskrifter i moderne tid, men retten blir vanlegvis laga med hakka kokt potet, gulrot , sylteagurk med dill eller agurk, erter, egg, sellerirot, lauk, kokt kylling eller lyonerpølse (tidvis skinke eller ei anna pølse), og syrlege eple, med salt, pepar og sennep tilsett og med majones som dressing.

Historie og bruk[endre | endre wikiteksten]

Oliviersalat etter oppskrift frå restauranten Ermitasj.

På russisk blir retten kalla Olivier-salat (russisk салат Оливье, romanisert salat Olivye) etter Lucien Olivier, den belgiske kokken ved restauranten Ermitasj i Moskva som skapte han på 1860-talet,[1] eller stolitsjnysalat (russisk салат "Столичный", 'storbysalat' eller 'hovudstadsssalat'), som blei skapt av Ivan Ivanov for ein annan restaurant som ei etterlikning. Den nøyaktige oppskrifta på den opphavlege Olivier-salaten, særleg dressinga hans, var ein stor løyndom. Ein veit at salaten inneheldt skogshøns, kalvetunge, kaviar, salat, krepsehalar, kapers og røykt and, men det er mogleg at oppskrifta endra seg med årstidene. Den opphavlege Olivier-dressinga var ein type majones laga med fransk vineddik, sennep og provençalsk olivenolje, men den nøyaktige oppskrifta er ukjend. Ivanov skal ha vore soussjef for Olivier, og lurt seg til å finna ut mykje om tillaginga av retten. Han blei tilsett ved restauranten Moskva, der han laga ein mistenkeleg liknande rett. Han selde oppskrifta på salaten sin til fleire tidsskrift, slik at denne blei utbreidd. Ei av dei fyrste kjende oppskriftene på salaten, frå 1894, oppgjev ingrediensane ei halv skogshøne, to poteter, ein liten agurk, 3–4 salatblad, 3 store krepsehalar, 1/4 kopp oppskoren aspikk, 1 teskei kapers, 3–5 oliven og 112 spiseskei provençalsk dressing (majones).

I Russland, post-sovjetiske statar og blant russiskspråklege folk over heile verda er salaten blitt ein av dei viktigaste rettane til zakuskibord servert til nyttårsfeiringar (Novyj God).

Ein variant av salaten eller ein liknande type blir kalla italiensk salat på norsk og dansk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «russian_olivier_salad». sras.org. Arkivert frå originalen 2018-07-18. Henta 29. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]