Ruth Vang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruth Vang
Fødd5. april 1966 (58 år)
Statsborgar avFærøyane
PartiFramsókn
Yrkejordmor, politikar
VervFinansminister på Færøyane 22. desember 2022
FøregangarUni Rasmussen
VervLagtingsmedlem 6. mars 2020–
Verv15. september 2015–16. september 2019
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting (2015–)
  • Færøyenes finansminister (2022–) Sjå dette på Wikidata

Ruth Vang (fødd 5. april 1966) er ein færøysk politikar og jordmor, busett i Tórshavn. Ho har vore finansminister på Færøyane sidan desember 2022. Ho er leiar for det liberale partiet Framsókn.[1][2]

Yrke[endre | endre wikiteksten]

Vang er utdanna jordmor ved Danmarks Jordemoderskole i København i 1992 og arbeidde som jordmor på Landssjúkrahúsið i Tórshavn 1992–1999, og deretter leiande jordmor 1999–2005.[3] Parallelt tok ho ein HD i rekneskap og økonomistyring ved Handelshøjskolen i Aarhus 2001–2005 og føretok eit karriereskifte til finanssektoren. I 2005–2011 var ho kredittrådgjevar i Eik Bank. Sidan 1. januar 2013 er ho tilsett som avdelingsleiar i Tórshavnar kommuna.[4]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Vang stilte opp til lagtingsvalet 2015 utan å bli vald, men kom deretter inn på tinget som suppleant for formannen i Framsókn Poul Michelsen, då han blei utnemnd til nærings- og utanriksminister i regjeringa til Aksel V. Johannesen. Sidan 2015 har Vang sete i Lagtingets finanskomité; i 2015–2019 som formann for komitéen og sidan 2020 som medlem av komitéen.[5]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Vang er dotter av Ester og Petur Danielsen og er gift med Dánjal Vang. Dei har tre born: Ester, Petur Kristinn og Hanna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «logting.fo - Ruth Vang». Arkivert frå originalen 25. september 2015. Henta 24. september 2015. 
  2. «Framsokn.fo - Ruth Vang». Arkivert frå originalen 25. september 2015. Henta 8. september 2021. 
  3. linkedin.com - Ruth Vang[daud lenkje]
  4. Torshavn.fo - Nýggjur leiðari á Barna- og ungdómsdeildini, publisert 27. nov. 2012.
  5. Portal.fo - Ruth Vang forkvinna í fíggjarnevndini Arkivert 1. oktober 2015 på Wayback Machine. Arkivert 1. oktober 2015 ved Wayback Machine., skrevet af Steinar Patursson 30.09.2015 - 11:53