Ruzizi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruzizi
elv
Land  Burundi,  Kongo  Rwanda
Kart
Ruzizi
3°21′52″S 29°16′06″E / 3.3644444444444°S 29.268333333333°E / -3.3644444444444; 29.268333333333
Wikimedia Commons: Ruzizi River

Ruzizi eller Rusizi er ei elv mellom Sentral- og Aust-Afrika som renn frå Kivusjøen sørover til elvdeltaet ved Tanganyikasjøen.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Ruzizi er ei grenseelv mellom Kongo-Kinshasa i vest og Rwanda i i aust. I tillegg er ho saman med Tanganyikasjøen grense til Burundi. Elva går langs den austlege Riftdalen. Den omgjevande elvedalen er meir kupert i nord enn i sør. I nærleiken av munningen i sør forbind ei bru Burundi med Kongo.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Rusizi nasjonalpark ligg ved deltaet til Ruzizielva. Det finst òg nilkrokodillar her. Ein av desse, kalla Gustave, er blitt kjend i nyare tid for å ha drepe og ete fleire menneske.[1]

Ein dokumentarfilm om Gustave[2] fortel at det rundt 1950 var bøflar, elefantar og vortesvin her, men at dei sidan då er blitt drive bort av menneske. Det einaste av dei større dyra som er att i tillegg til krokodillar er flodhest.

Kraftutvinning[endre | endre wikiteksten]

Den første Ruzizidammen (Ruzizi I) blei oppført ved utløpet frå Kivusjøen i 1958. Denne har endra vassnivået og vassmengda i elva. Dammen, som leverer elektrisitet til Bubanza, Kigoma og dessutan Mururo (Rwanda) har ein kapasitet på 30 MW. Ein annan dam (Ruzizi II) blei oppført i 1989 med ein kapasitet på 44 MW. Demningane er felleseige for dei tre nabolanda.[3]

Ettersom kraftproduksjonen ikkje svarte til etterspurnaden, blei det planlagt eit tredje kraftverk (Ruzizi III) med støtte frå Den europeiske investeringsbanken (EIB)[4][5] og den afrikanske utviklingsbanken.[6]

Ein har òg lagt planar om eit fjerde kraftverk, Ruzizi IV.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McRae, Michael. «Gustave the Croc Surfaces to Strike Again». National Geographic (February 2008). , henta 17. mai 2015
  2. Capturing the Killer Croc,, henta 17. mai 2015 Arkivert 2021-08-09 ved Wayback Machine.
  3. «Ruzizi II - A Fine Example of Regional Cooperation». Henta 4. august 2014. 
  4. «Ruzizi Hydropower». Henta 4. august 2014. 
  5. «EIB confirms commitment to Ruzizi III project, Rwanda». 7. juli 2011. Henta 5. august 2014. 
  6. «Multinational- Ruzizi III regional hydropower plant project (Rwanda)» (på engelsk). Henta 18. april 2020. 
  7. «Sizing up African hydro». 4. november 2011. Henta 5. august 2014. 
  8. «African leap». 16. mai 2013. Henta 5. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ruzizi