Ryøya

Koordinatar: 69°33′N 18°44′E / 69.550°N 18.733°E / 69.550; 18.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryøya
Geografi
Stad Straumsfjorden
Koordinatar 69°33′N 18°44′E / 69.550°N 18.733°E / 69.550; 18.733

Areal 1,42 km²

Høgaste punkt 74 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Ryøya er ei øy på rundt 1,42 km² som ligg i Straumsfjorden, strategisk plassert mellom Kvaløya og Malangshalvøya i Tromsø kommune, om lag 15 km sørvest av Tromsø by i luftlinje. Det høgaste punktet på øya er om lag 74 moh. Ryøya består for det meste av lyngkledde rabbar i kupert terreng med spreidd furu- og bjørkeskog. Geologisk sett består Ryøya for det meste av glimmergneis, glimmerskifer og dolomitt.

Mot sør skil Litjestraumen Ryøya frå Malangshalvøya, og i nord skil Rystraumen Ryøya frå Kvaløya. Begge desse to straumane kan komme opp i 7 knop, og kan skape vanskar for båtar og skip av alle storleikar på veg til eller frå Tromsø. Rett oppfor Ryøya ligg Kvaløya med ein populær utfartsstad kalla Hella. Her kan ein oppleve gamle hus frå gamal tid i Tromsø, båttrafikk tett på og ein anerkjend lokasjon for sportsfiskarar.

På Ryøya har Universitetet i Tromsø med det medisinske fakultet, avdeling for Arktisk Biologi, utplassert rundt 20 moskus med tanke på forsking. Moskusane gjekk fritt på heile øya, og spesielt i brunstperioden, tidleg på hausten vart det frårådd mot all ferdsel på Ryøya. Den siste moskusen på øya vart avliva våren 2018 etter at det nest siste dyret vart funne daudt med plast i magen i 2017. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Børstad, Sanna Drogset (13. august 2018). «Nå er det ikke lenger moskus på Ryøya». itromso.no (på norsk bokmål). Henta 19. august 2019.