Saksenebbar
Saksenebbar | |
Amerikasaksenebb Rynchops niger | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Slekt: | Saksenebbar Rynchops Linnaeus, 1758 |
Saksenebbar Rynchops, er biologisk slekt av tre artar terneliknande fuglar i måsefamilien, Laridae. Slekta består av amerikasaksenebb, afrikasaksenebb og indiasaksenebb, funnen i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia høvesvis.
Dette er dei einaste fugleartane med ei særprega ulik lengd mellom overnebb og undernebb, kor undernebbet er lengst. Denne frapperande tilpassinga tillèt saksenebbane å fiske på ein eineståande måte. Dei flyg lågt og fort over vatnet med undernebbet ned i overflata klar til å lukke nebbet over småfisk som ikkje kjem seg unna. Dette er dei einaste fuglane kjent for å ha pupillar som snevrar seg i ein vertikal spalte. Saksenebbar flokkar seg i lufta og kviler ved elvebankar og på kystnære sandbankar.
Saksenebbar legg 3-6 egg på sandstrender. Hoa rugar egga. På grunn av at artane har avgrensa hekkehabitat er dei sårbare for uroingar på hekkestadene. Ein art, indiasaksenebb, er lista som sårbar av IUCN grunna dette, samt av øydelegging og nedbrytning av innsjøar og elvar kor fuglane plar finne føde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Skimmer» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2009', han viste til følgjande kjelder'
- Mariano-Jelicich, R; Favero, M. and Silva, M.P. (Februar 2003). Fish Prey of the Black Skimmer Rynchops Niger at Mar Chiquita, Buenos Aires Province, Argentina. Marine Ornithology 31: 199-202. Lese 27. august 2009.
- Fusco, P.J. Connecticut Wildlife, Spectacular and Intriguing - The Black Skimmer Arkivert 2009-09-14 ved Wayback Machine. Connecticut Department of Environment Protection Bureau of Natural Resources - Wildlife Division. Mai-Juni 2006. Lese 27. august 2009.
- Zusi, R. L., Bridge, D., On the Slit Pupil of the Black Skimmer (Rynchops niger) Arkivert 2012-03-30 ved Wayback Machine. Journal of Field Ornithology, Volume 52, Number 4, side 338 (1981)] Lese 27. august 2009
- BirdLife International (2007) Species factsheet: Rynchops albicollis Lese 27. august 2009 frå http://www.birdlife.org
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar av saksenebbar hos Internet Bird Collection