Sætretindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sætretindane, med Nøre Sætretind til venstre og Søre Sætretind til høgre

Sætretindane er eit fjell med to toppar i Ørsta kommuneSunnmøre. Nøre Sætretinden er (1365 m.o.h.), medan Søre Sætretinden er (1358 m.o.h.).

Fjellet ligg vest for Hjørundfjorden, og nord for Standalsdalen. Standalsætra ligg ved foten av Søre Sætretinden, og har gitt fjellet namn.

Nøre Sætretinden er ikkje synleg frå Standalsætra, ein må vestover Standalseidet mot Myklebustsætra for å sjå denne.

For å nå toppen av Søre Sætretinden må ein vere van å klive i fjell. Tre britar, W. Norman Ling, Harold Priestman og Harold Raeburn, var dei fyrste som kleiv til topps. Det hende den 22. juli 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]