Søgnesteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Søgnesteinen er ein runestein som står ved Søgne gamle prestegard i Søgne kommune i Vest-Agder.

Steinen er første gong nemnd i eit notat av Nicolai Wergeland i 1811. I 1821 vart innskrifta dokumentert i teikning for første gong. Ho vart første gong publisert av Jens Edvard Kraft i 1826, då med feilaktig tolking. Steinen er særs forvitra, og den første som greidde å tolka han korrekt var Sophus Bugge i 1870.

Innskrifta er:

a u i n t r : r i s t i : s t i n : þ i n a
a f t i r : k u n u a t : s u n s i n

På norrønt vert då teksta: Eyvindr reisti stein þenna eptir Gunnvald son sinn.

På moderne norsk vert det: «Øyvind reiste denne steinen etter Gunnvald, sonen sin».

Runene vert daterte til første halvdel av 1000-talet. Steinen står enno på tunet ved Søgne gamle prestegard. Han er registrert med nr. id 91378 i Kulturminnearkivet til riksantikvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Olsen: Noregs innskrifter med dei yngre runar, bd. III, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Oslo 1954 s. 100 - 103.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Søgnesteinen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren