Sølfest Hansson Urdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sølfest Hansen Urdahl)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sølfest Hansson Urdahl
Fødd 26. april 1819
Død

19. august 1878

Yrke bonde, politikar

Sølfest Hansson Urdahl (26. april 181919. august 1878) var ein norsk gardbrukar, landhandlar, eit mellombod og ein stortingsmann frå Luster i Sogn. Hans Arnesson Urdahl var far hans og Hans Hansson Urdahl bror hans.

Urdahl gjekk underoffisersskulen i Bergen. Deretter var han gardbrukar på Saude i Luster, før han flytta til garden Fagernes i same bygda. Her dreiv han både som landhandlar og gardbrukar før han flytta til Bergen, der han var mellombod.

I si tid i Luster var han ordførar i tolv år, og forlikskommissær i mange år. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1857-58, 1862-64. I 1857 var han medlem av desisjonskomiteen, 1862-63 av militærkomiteen medan han på omframstortinget 1864 var medlem av komiteen om korleis avløne hæren.

Urdahl døydde i Bergen i 1878.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]