Sølvi Sogner
| Sølvi Sogner | |||
| Fødd | 15. mars 1932 Trondheim | ||
|---|---|---|---|
| Død | 23. mars 2017 Oslo | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Område | historical demography | ||
| Yrke | historikar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
| Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea | ||
Sølvi (Bauge) Sogner (15. mars 1932–23. mars 2017) var ein norsk historikar. Det meste av forskinga hennar dreidde seg om familiehistorie, historisk demografi og kvinnehistorie i tidleg moderne tid (1600/1700-talet).
Sogner var fødd i Trondheim. Ho vart universitetslektor i 1975 og dr.philos. i 1976. Ho var førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo 1974, og professor frå 1988.
Sogner vart inspirert til å forska på folkesetnadshistorie av den franske demografen Louis Henry i 1960.[1] Ho tok i bruk Henry sin familierekonstitusjonsmetode på norske kjelder frå Rendalen i doktorgradsavhandlinga si.
Sogner fann ut at utvandringsbølgja frå Noreg til USA tidleg på 1900-talet langt frå var første store utvandrarbølge frå Noreg. På 1600-talet var det ei tilsvarande særs stor utvandrerbølge, spesielt frå Sørvestlandet, til Nederland.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1979 Folkevekst og flytting. En historisk-demografisk studie i 1700-årenes Norge doktorgrad
- 1984 Barn av sin tid. Fra norske barns historie (sammen med Bjarne Hodne)
- 1984 Fra stua full til tobarnskull (sammen med Eli Fure og Hege Brit Randsborg).
- 1990 Far sjøl i stua og familien hans
- 1992 Europa 1500-1750 bind 2 i Cappelens kvinnehistorie
- 1996 Krig og fred 1660-1780 bind 6 i Aschehougs Norgeshistorie ISBN 82-03-22034-7
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sølvi Sogner». www.demografi.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2017-04-02. Henta 2017-04-01.
{{cite web}}: Invalid|død-lenke=ja(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Sølvi Sogner» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sølvi Sogner i Sikt (BIBSYS)
- (no) Publikasjonar av Sølvi Sogner i forskningsdokumentasjonssystemet Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
- Portrettintervju i forskningsmagasinet Apollon: Sølvi Sogner – Med hjertet hos hverdagsmenneskene 2000