Sølvkre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvkre
Sølvkre
Sølvkre
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Zygentoma
Familie: Lepismatidae
Slekt: Lepisma
Art: Sølvkre L. saccharina
Vitskapleg namn
Lepisma saccharina

Sølvkre eller sylvkre (Lepisma saccharina) er eit lite insekt som høyrer til børstehalane. Dei vaksne dyra er mellom 7 og 12 mm lange.[1] Insektet er også kjent under den folkelege nemninga «sølvfisk».

Kroppsforma er noko flattrykt, langstrekt og smalar av bakover. Kroppen er dekt av små, blanke skjel, og bakarst har dyret tre lange haletrådar.

Sølvkreet trivst best på varme stadar med høg luftfuktigheit, og ein finn dei gjerne på badet og på kjøkkenet. Dei er lyssky, og kjem fram om natta for å ete. Med typiske raske, buktande/symjande rørsler rømmer dei frå lyset når ein til dømes kjem inn på badet, difor har dei fått namnet «sølvfisk» på folkemunne. Om dagen gøymer dei seg vekk i sprekkar, under golvfliser og golvbelegg, under kjøkkenbenkar, bak fliser og panel osb. Dyra et alle slags stivelses- og sukkerhaldige stoff som brødsmular, mjøl, såperestar, tapetklister osb. Dei et òg proteinhaldige stoff som døde insekt. I tarmen har sølvkreet enzym som gjer at dei òg kan fordøye papir. Dette gjer at dei i nokre tilfelle opptrer som skadegjerarar i museum og arkiv ved at dei til dømes gneg seg inn i bøker og frimerkesamlingar.

I Noreg finn ein sølvkreet så langt nord som til Bodø.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders Aak (12. august 2021). «Sølvkre». Folkehelseinstituttet. Henta 13. februar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]