Bolzano-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sør-Tyrol)
Den autonome provinsen Bolzano
Nasjon Italia
Region Trentino-Alto Adige
Hovudstad Bolzano
Areal 7 400 km²
Folketal (2006) 487 673
Folketettleik 66/km²
Kommunar 116
Bilnummer BZ
Postnummer 39XXX
Retningsnummer (tlf) 0471, 0472, 0473, 0474
President {{{president}}}
Plasseringa til Bolzano i Italia

Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.

Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Sciliar

Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2&nsbp;563 moh.) er ein del av denne fjellkjeda.

Andre fjell i provinsen er

Adminstrasjon[endre | endre wikiteksten]

Største kommunane i provinsen[endre | endre wikiteksten]

Tysk namn Italiensk nam Ladinsk namn Innbyggartal
Bozen Bolzano Balsan, Bulsan 103 135
Meran Merano Maran 37 673
Brixen Bressanone Persenon, Porsenù 20 512
Leifers Laives 16 964
Bruneck Brunico Bornech, Burnech 15 370
Eppan Appiano sulla Strada del Vino 14 013
Lana Lana 11 120

Historie[endre | endre wikiteksten]

Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidlegare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Province of Bolzano-Bozen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthony Alcock. «The South Tyrol Autonomy. A Short Introduction» (PDF). Henta 14. november 2007.