Søre Stokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søre Stokken
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Postnummer 5410 Sagvåg
Gardnummer 53

Søre Stokken er den sørlegaste garden i Fitjar kommune. Neset som garden ligg på vert på Stord kalla Nordstokken, i motsetnad til neset Sørstokken, der Stord lufthamn, Sørstokken ligg. Dei to nesa dannar innløpet til Dåfjorden og her går kommunegrensa mellom Fitjar og Stord kommune.

Sjølve garden grensar til Stokksundet i vest og Dåfjorden i aust, medan gardane Hovstad og Tislavoll ligg i nord.

Dåfjord verft ligg på området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er ikkje gammal og var truleg først eit husmannsplass under Tislavoll. Garden vart truleg ein eigen gard tidleg på 1600-talet. Midt på 1600-talet låg garden øyde.

Den første brukaren som er nemnt på garden var Tarald i 1657, som då var husmann.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kva som er opphavet til namnet, men både Søre Stokken, Stokken i Stord kommune, som ligg kring 3 km lenger sør og Stokka i Bømlo kommune kan alle ha fått namn etter Stokksund, som er langt og beint og kan likne på ein stokk. Dette er derimot ei uvanleg samanlikning, og andre sund som heiter Stokksund er ikkje beine. Sundet har truleg fått namn etter stokkar som vart sett opp som seglmerke eller liknande.

Gardsnamnet vart skrive Stoechen, Stoechenn, Stochen, Nord Stochen, Søre Stochen, Søre Stochen, Sør Stochen, Søre Stokken og Søndre Stokken. Daglegnamnet er Søre Stokkjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]