Søren Jaabæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Søren Pedersen Jaabæk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Jaabæk
Søren Jaabæk (NTM UWP 24709).jpg
Fødd1. april 1814
Holum
Død7. januar 1894
Holum
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre, Moderate Venstre
Yrkepolitikar, bonde, lærar, omsetjar

Søren Pedersen Jaabæk (1. april 18147. januar 1894) var ein norsk bonde, lærar og politikar fødd i Holmesland i Holum. Han sat på Stortinget samanhengande frå 1845 til 1891, 16 valperiodar. Saman med Johan Sverdrup la han grunnlaget for tuftinga av partiet Venstre.

I 1865 skipa han organisasjonen BondevenaneSelskabet Bondevennerne») etter inspirasjon frå Danmark. Bondevenane breidde seg utover heile landet og vart ein stor maktfaktor i den korte stunda organisasjonen fanst. Den la òg grunnlaget for mange tenester vi har rekna som naturlege i lang tid, som t.d. samvirketenestene og sparebankane. Jaabæk stilte seg og heile rørsla si under leiarskapen til Sverdrup i 1870– og 1880-åra. Gjennom denne samanslutninga kan ein seie at Venstre vart eit parti i 1884.

Etter oppveksten budde han på Jaabækk i Halse, men flytta til Holmesland i Holum då faren døydde i 1849, og tok over garden. Jaabæk var ordførar i Halse og Harkmark og i Holum i fleire periodar mellom 1845 og 1890.

På Stortinget fekk Jaabæk kallenamnet «Neibæk» på grunn av den sterke motviljen han hadde mot alt som kunne føre til auka offentlege kostnader. Han kjempa innbitt mot alt som smakte av luksus og sentraldirigert embetsmannsvesen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]