Søren Rasmussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Rasmussen
Søren Rasmussen.png
Fødd 15. desember 1768
Bergen
Død

26. juni 1850

Yrke fysikar, matematikar, politikar

Søren Rasmussen (15. desember 176826. juni 1850) var ein embetsmann og stortingsmann.

Rasmussen var fødd i Bergen, faren hans var i si tid politimeister og byfut i byen. Han vart student frå Kristiansand i 1787. Ti år seinare vart han overlærar ved katedralskulen i Kristiania. I 1809 deltok han i stiftinga av Selskabet for Norges Vel, styremedlem dei fem fyrste åra selskapet var i drift.

I 1813 vart han tilsett som professor i matematikk ved universitetet i Kristiania. Samstundes førelas han i faget fysikk. Perioden 1825-38 var han zahlkasserar.

Rasmussen var 1. representant for Kristiania på Stortinget 1815-16. Han var då medlem av Lagtinget og av fjorten komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om universitetsfundasen og i komiteen om kjøpstadskatten. Som medlem av Lagtinget var han med i riksretten 1815-16.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]