Sørlistøa Fløtermuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørlistøa Fløtermuseum på vestsida av Osensjøen i Åmot kommune i Østerdalen er eit tømmerfløytingsmuseum som utgjer ein part av stiftinga Norsk Skogmuseum og inngår i Anno museum. Sørlistøa Fløtermuseum er berre opent om sommaren.

Norsk Skogmuseum overtok i 1985 fløytingsanlegget Sørlistøa, som var base for tømmerfløytinga i Osensjøen og områda ikring då tømmerfløyting tok slutt i 1984, og gjorde det om til museum. Her vert det synt både tverrelvfløyting (tømmerfløyting i elv) og sjøfløyting (fløyting av tømmer over innsjø), og båtar, bygningar, anlegg og gjenstandar som har vore nytta i tømmerfløytinga. Slepebåten MS «Trysilknut», som hadde vore nytta til å slepe tømmeret over Osensjøen, høyrer òg med til museet. Båten er restaurert og vorte sertifisert for passasjertrafikk, og ligg til kai på museet for å kunne verte nytta til turar på Osensjøen om sommaren.

Tømmerslepebåten MS «Trysilknut»[endre | endre wikiteksten]

Tømmerslepebåten MS «Trysilknut»

Museets slepebåt MS «Trysilknut» vart sjøsett på Osensjøen 2. mai 1914, og står på lista til Riksantikvaren over verna skip. Slepebåten vart bygd for Christiania Tømmerdireksjon av Glommens Mek. Verksted i Fredrikstad vinteren 1913-1914, og frakta i høveleg store delar med jarnbanetog til Rena og derfrå med hest og slede til Osensjøen. Her vart arbeidet med å klinke skroget saman og sette båten i stand, gjort ferdig. Båten hadde då ei vedfyrt dampmaskin på 70 hestekrefter, og namnet var D/S «Trysilknut». I 1958 vart dampmaskina bytta ut med ein dieselmotor på 135 hestekrefter, og namnet måtte difor endrast til MS «Trysilknut». Båten vart nytta til tømmersleping på den tre mil lange Osensjøen fram til tømmerfløytinga i denne delen av Glommavassdraget vart avslutta for godt i 1984.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]