S-Bahn Rhein-Main

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berkersheim stasjon, på nettverkets line 6.
Westbahnhof stasjon, på nettverkets line 3.
Wiesbaden Hauptbahnhof stasjon, på nettverkets line 1.
Eit av dei nyaste toga (Baureihe 430) i Frankfurt (Main)

S-Bahn Rhein-Main og S-Bahn Frankfurt (S-Bahn av tysk Stadtschnellbahn = byhurtigbane) er eit nettverk av lokaltog i Rhein-Main-området. Nettverket fungerer som eit metro- eller tunnelbanesystem, men dekkjer eit større område enn den eigentlege Frankfurtsmetroen, og avstanden mellom stasjonane er gjennomgåande større. Toga er også raskare og går som andre tyske elektriske tog på 15 kV/16 2/3 Hz vekselstraum. Dei har færre stasjonar i det sentrale Frankfurt, men fleire forbindingar til metroen både rundt og i sjølve bykjernen. Wiesbaden, Darmstadt og Hanau høyrer til ytterpunkta i systemet.

S-Bahn Rhein-Main vart opna i 1978. Det har ei sporlengde på 303 km, har 111 stasjonar, og har om lag 127 mill. reisande årleg. De fleste linene har 30 min grunnrute, men til dels går fleire liner saman - opptil åtte i Citytunnelen. Systemet vert drivi av Deutsche Bahn Regio AG og høyrer under Rhein-Main Verkehrsverbund. Toppfarten på dei nyaste toga er 140 km/t.


Vektorkart av S-Bahn-banenettet.
Spire Denne transportartikkelen som har med jarnbane å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.