SS «Lancing»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SS «Lancing» var ein firmasta fullriggar som opphavleg var bygd som dampskip. Fartøyet vart sjøsett 4. november 1865 hjå Napier & Sons i Glasgow. Det vart bygt for reiarlaget Compagnie Générale Transatlantique, som dreiv pasasjertafikk over Atlanterhavet, og fekk namnet «Péreire». «Péreire» var eit moderne dampskip med propell, og ein tosylindradampmaskin dampmaskin som utvikla 1250 akselhestekrefter. I tillegg til dampmaskina hadde skuta segløin. Ho var moderat barkrigga. Ved fullt damptrykk var farten 15,3 knop.

«Péreire» var utsett for fleire uhell. Skuta vart senka under brann i Tunis i 1881. Under storm i Atlanterhavet i 1886 vart ho treft av ein kjempesjø og fekk store skada. Maskinen vart sett ut av drift. «Péreire» vart segla til lands. Like etter at ho var reparert gjekk ho å grunn og havarerte. Vraket vart seld til eit reiarlag i London med norsk tilknyting. Dampmaskinen vart seld, og skipet opprigga som firmasta fullriggar. Fullriggaren fekk namnet «Lancing».

Det 113 meter lange og 13,6 meter breie skipet synte seg å ha svært gode segleigenskapar. Dei nesten 60 meter høge mastene hadde ei samla seglflate på 5080 m² fordelt på 34 segl. Det hadde eit mannskap på 26-30 mann. Under gode seglforhold gjorde det større fart enn det hadde gjort med dampmaskin. Det segla frå England til Australia på 64 døger, like snøgt som det mindre klipperskipa som var spesialbygde for hurtigsegling. Lengste utsegla distanse på eit døger var 366 nautiske mil, som gir ei gjennomsnittsfart på over 15 knop.

I 1901 vart skuta innkjøpt til Noreg av A.S. Lancing ved reiarlaget J.Johansen & CoLysaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Winge: Norske skip. Oslo 2006