Saada guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saada
guvernement
Sa'dah 01.jpg
Sa'dah
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Koordinatar 16°58′N 44°43′E
Hovudstad Sa'dah
Areal 11 375 km²
Folketal 838 000 (2011) [1]
Folketettleik 74 / km²

Saada guvernement
17°4′0″ N 43°55′0″ E
Sa'dah in Yemen.svg
Wikimedia Commons: Saada Governorate

Saada (arabisk صعدة Ṣa'da) er eit guvernement i Jemen. Det administrative setet og den største byen er Sa'dah.

Opprør[endre | endre wikiteksten]

Sidan juni 2004 har det vore valdelege konfliktar i Saada, og tusenvis har mista livet, medan 250 000 menneske er drivne på flukt.[2] Sjiaopprøret i Jemen har røter i opprør mot regjeringa i landet, og vart starta av den religiøse Zaidi-leiaren Hussein Badreddin al-Houthi i 2004. Det vart forhandla fram ein våpenkvile i juni 2007, etterfølgd av ein fredsavtale i februar 2008. I april 2008 stod fredsprosessen i fare då kvar side av konflikten skulda kvarandre for å ikkje følgje delar av avtalen.[3]

I 2013 hadde houthiane, som Zaidi-opprørarane vert kalla, eit godt fotfeste i Saada, og var òg aktive i fleire av naboguvernementa.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 2012-10-09. Henta 24. februar 2013. 
  2. Jemen: Relative calm in Sa'ada, Amran and Al-Jawf
  3. IRIN 2008, 'YEMEN: Peace agreement on verge of collapse?', IRIN, 20. april. Henta on 28. april 2008.