Al Mahrah guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Mahrah
المهرة
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 16°48′N 51°44′E / 16.800°N 51.733°E / 16.800; 51.733
Hovudstad Al Ghaydah
Areal 82 405 km²
Folketal 108 000 [1]
Folketettleik 1 / km²
Kart
Al Mahrah guvernement
16°48′00″N 51°44′00″E / 16.8°N 51.733333333333°E / 16.8; 51.733333333333
Wikimedia Commons: Mahra Governorate

Al Mahrah eller Mahra (arabisk المهرة Al Mahra) er eit guvernement (muhafazah) i Jemen. Det ligg i det tidlegare Mahra sultanat, med hovudstad i Al Ghaydah.

I tillegg til arabisk, vert det snakka mehri, eit moderne sørarabisk språk, i Mahra.

Al Mahrah har ein liknande geografi som naboområdet Dhofar i Oman. Spisse fjell stig til kring 1300 moh og den enorme ørkenen Rub' al Khali ligg i nord. Langs kysten nær grensa med Oman, er Al Mahrah påverka av monsunen, eller khareef. Fjella får ein del regn og lufta vert fuktig og tåkete, medan vegetasjonen gjer den elles nakne kysten til frodige dalar og skogar. Hauf nasjonalpark ligg i Al Mahrah.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 28. mai 2016.