Safita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safita
by
Safita.
Land  Syria
Guvernement Tartous guvernement
Distrikt Safita-distriktet
Koordinatar 34°49′N 36°07′E / 34.817°N 36.117°E / 34.817; 36.117
Folketal 33 000
Retningsnummer 43
Kart
Safita
34°49′15″N 36°07′02″E / 34.82081667°N 36.11734444°E / 34.82081667; 36.11734444
Wikimedia Commons: Safita

Safita (arabisk صا فيتا, Ṣāfītā fønikisk Safita) er ein by i Tartous guvernement, nordvest i Syria, søraust for Tartous og nordvest for Krak des Chevaliers. Byen har kring 33 000, og innbyggjarane er nesten jamt fordelt mellom gresk-ortodokse kristne og alawittar. Han ligg på toppen av tre åsar og dalane mellom dei, i Dei syriske kystfjella. Safita voks seg viktig gjennom krossfarartida og var busett av tempelriddarane i borga Chastel Blanc, som då var ein del av Grevskapet Tripoli.

Tårnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har vore busett sidan fønikisk tid, og fleire arkeologiske funn er gjort frå fønikiske og kanaanittiske busetnader. I 1102 tok Raymond IV av Toulouse kontroll over landet til Banu Ammars-emirane frå Tripoli. Ei fire år lang kringsetjing av Tripoli førte til full kontroll over byen og landområdet kring, inkludert Safita. Mamelukk-sultanen Baibars erobra borga i 1271.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Supplementary Business Paper for Council Meeting 11/05. 13. desember 2005. Marrickville City Council. Henta on 1 July 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]