Riding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riding på hest i Los Cerros i Estancia Dos Lunas i Argentina.
Kamel med tradisjonell beduinsal og styretau.

Riding eller å ri viser til å ta seg fram sitjande oppå eit dyr. Ridinghest er i dag utbreidd i heile verda, men ei rekkje andre dyr kan også brukast som ridedyr, til dømes esel og muldyr, lama, kamel, jak og elefant. Å ri kan vera ein passande måte å ta seg fram på, ein idrett, ein fritidssyssel eller mest underhaldning.

Ein rir gjerne ved å sitja skrevs over ryggen eller nakken til ridedyret. For å sitja betre kan ein bruka sal og stigbøylar. Ved nokre høve kan ein sitja med føtene samla på eit sete eller ned eine sida av dyret, som på ein damesal. Dyret kan styrast gjennom signal, seletøy, ved at det blir leia av gåande menneske eller ved at det følgjer andre dyr.

Ridedyr[endre | endre wikiteksten]

Fleire ulike arbeidsdyr kan brukast til riding. Dei må vera store og sterke nok til å bera menneske, og bør samtidig vera tamme nok til å kunna styrast. Nokre dyr blir ganske sjeldan til riding, som reinsdyr og storfe. Andre blir brukt som underhaldning meir enn for nytteverdien, til dømes sauer, grisar, sebraer, skjelpadder og struts.[1]

Riding i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Allegori av dødssyndene frå 1463. Kvar synd er symbolisert av eit dyr: Villsvinet for sinnet, panter for grådigheit, hunden for sjalusi, apekatten for luksus, løva for hovmod, eselet for latskap og bjørnen for fråtsing.

Riding har vore viktig gjennom historia, og blir brukt som verkemiddel i kulturen. Ridedyr kan til dømes brukast symbolsk for å visa kvaliteten til ryttaren. I ulike mytologiar kan gudar kan ha særskilde ridedyr knytt til dei. I hinduismen kan krigargudinna Durga ri på ei løve eller ein tiger. I gresk mytologi blei den lamme smed-guden Hefaistos gjerne framstilt ridande på eit esel.[2] I kristen tradisjon er sogene om Jesus og jomfru Maria sin bruk av esel som ridedyr rekna som eit symbol på fred og audmjuke.[3]

I nyare tid er riding blitt brukt som politisk kommentar, til dømes ved å framstilla kandidatane til presidentvalet i USA i 1912 som ridande på dyret som symboliserte deira parti: William Howard Taft på ein elefant, Woodrow Wilson på eit esel og Theodore Roosevelt for det nystarta Progressive eller «Bull Moose»-partiet på ein elg. Elgbildet av Roosevelt er seinare blitt misteke for å vera ekte.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DRAUGHT AND RIDING ZEBRAS», messybeast.com
  2. «Hephaistos», theoi.com
  3. «Legend of the Christian Donkey», mdresort.com
  4. Heather Cole, «Myths Debunked: Sadly, Theodore Roosevelt never rode a moose», theodoreroosevelt.org (October 20, 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Riding