Salah Hissou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salah Hissou
Statsborgarskap Marokko
Fødd 16. januar 1972 (49 år)
Kasba Tadla
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Salah Hissou (fødd 16. januar 1972) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister på 5 000 meter under VM 1999 i Sevilla. Han vann elles bronse på 10 000 m både ved Sommar-OL 1996 og Friidretts-VM 1997.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hissou deltok i yngre år mest i terrengløp. I 1995 debuterte han på bane i eit internasjonalt meisterskap og vart fjerdemann i milløpet under VM i Göteborg, nesten fem sekundar bak bronsevinnar Paul Tergat frå Kenya. Den 5. juni 1996 sette Hissou personleg rekord på 5 000 meter med 12.50,8 i eit stemne i Roma. I slutten av juli månad vann han bronsemedaljen på 10 000 m under dei olympiske sommarleikane i Atlanta, slått med i 16-17 sekundar av vinnaren Haile Gebrselassie frå Etiopia og Paul Tergat. Vel tre veker seinare, den 23.august 1996, flytta Hissou verdsrekorden på 10 000 m til 26.38,0 ved eit stemne i Brussel, ein rekord som stod seg i nesten eitt år. Innspurten på milløpet under verdsmeisterskapen 1997 i Aten var jamn, men enda med same tre på sigerspallen som i Atlanta året før; 1) Grebselassie, 2) Tergat, 3) Hissou.

Då Friidretts-VM 1999 fann stad i Sevilla, satsa Hissou på 5000 meter. På oppløpssida kjempa Hissou om sigeren mot tre andre løparar og viste seg som den klart sterkaste spurtaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]