Sale i Stor-Manchester
| Sale | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Stor-Manchester | ||
| Distrikt | Trafford | ||
| Folketal | 134 022 (2011)[1] | ||
| Grunnlagd | 500- eller 600-talet | ||
| Postnummer | M33 | ||
| Retningsnummer | 0161 | ||
![]() Sale i Stor-Manchester 53°25′26″N 2°19′19″W / 53.424°N 2.322°W | |||
| Wikimedia Commons: Sale, Greater Manchester | |||
Sale er ein by i distriktet Trafford i Stor-Manchester i England. Tidlegare var byen ein del av Cheshire. Han ligg på ei flate på sørsida av elva Mersey, 3 km sør for Stretford, 4 km nordaust for Altrincham og 8 km sørvest for Manchester. Byen har kring 135 000 innbyggjarar.
Det er gjort funn frå steinalderen, romarane og anglosaksarane i området. Gjennom mellomalderen var Sale ein landsby knytt til Ashton upon Mersey. I denne perioden vart dei frodige engene nytta til avlingar og kvegdrift. På 1600-talet utvikla Sale ein blømande husflidindustri og produserte mellom anna hestesalar.
Bridgewater Canal nådde byen i 1765 og betra vekstvilkåra til Sale. Jernbanen nådde byen i 1849 og han vart ein pendlarby for Manchester og områda kring. Mot slutten av 1800-talet hadde folketalet meir enn tredobla seg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sale, Greater Manchester» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2011.
