Salman av Saudi-Arabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salman av Saudi-Arabia
Salman of Saudi Arabia - October 2018 (44636044814) (cropped).jpg
Verkeleg namn arabisk سلمان بن عبدالعزيز آل سعود‎ Salmān bin ʿAbd al-ʿAzīz ʾĀl Saʿūd
Fødd 31. desember 1935
Riyadh
Yrke politikar
Salman av Saudi-Arabia på Commons

Salman bin Abdulaziz, eller Salman av Saudi-Arabia (fødd 31. desember 1935) er konge av Saudi-Arabia. Han har òg vore forsvarsminister sidan 2011, og var tidlegare guvernør av provinsen Ar Riyad frå 1963 til 2011.

Salman vart konge av Saudi-Arabia 23. januar 2015, etter at halvbroren Abdullah døydde.[1]

Tilhøve til utlandet og organisasjonar i utlandet[endre | endre wikiteksten]

OPEC[endre | endre wikiteksten]

Salman har vidareført endringar som vart vedtekne i høve til OPEC mot slutten av 2014. Tidlegare har Saudi-Arabia saman med OPEC hatt som mål å halda oljeprisen rundt 100 USD per fat råolje (159 liter), medan dei no utvidar felta og vinn ut alt dei har. Som følgje av dette gjekk oljeprisen kraftig ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Kongen i Saudi-Arabia er død» (norsk). 
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Saudi-Arabia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.