Organisasjonen av oljeeksporterande land
| Organisasjonen av oljeeksporterande land | |||
| | |||
| | |||
| Bransje | Petroleumsverksemd | ||
|---|---|---|---|
| Skipa | 14. september 1960 | ||
| Hovudkontor | Wien | ||
| Land | internasjonal | ||
| Produkt | petroleum | ||
| Nettstad | https://www.opec.org (engelsk) | ||

Organisasjonen av oljeeksporterande land (engelsk Organization of the Petroleum Exporting Countries, forkorta OPEC) er ein internasjonal organisasjon som består av land som eksporterer petroleum. OPEC vart skipa 14. september 1960 i Bagdad i Irak.[1][2] Frå 1965 har det internasjonale hovudkvarteret til organisasjonen vore i Wien i Austerrike. Føremålet til organisasjonen er å forhandla med oljeselskap om rettar knytt til petroleumsutvinng, prisar, og konsesjonsrettar. Landa som er med i OPEC har ei sams interesse i å halda oppe prisane på petroleumsprodukt, av di inntektene frå eksport av slike produkt utgjer ein stor del av nasjonaløkonomien. Landa som er med i OPEC kontrollerer etter offisielle tal kring 75 prosent av petroleumsressursane i verda. OPEC-landa står for omlag ein tredel av verdas oljeproduksjon.[3]
I 2016 signerte OPEC ein avtale med 10 andre oljeutvinnande land, mellom dei Russland, og skipa med det OPEC+. Russland var då den tredje største oljeksportøren i verda.[4]
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]- Tidlegare
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «OPEC» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 31. oktober 2025.
- ↑ «Member Countries». OPEC. Henta 31. oktober 2025.
- ↑ «OPEC». NRK.no. Henta 31. oktober 2025.
- ↑ «What is OPEC+ and how is it different from OPEC?». U.S. Energy Information Administration. 18. desember 2023. Henta 23. november 2024.