Hopp til innhald

Salmon Eye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Salmon Eye

Kart
Salmon Eye
59°59′37″N 5°54′11″E / 59.993525°N 5.903092°E / 59.993525; 5.903092

«Salmon Eye» er eit visningssenter og kunstinstallasjon som ligg ute i Hardangerfjorden, like utanfor Rosendal og Snilstveitøy i Kvinnherad kommune. Visningssenteret er eigd av Eide Fjordbruk.[1]

Om bygget[endre | endre wikiteksten]

«Salmon Eye» er forma og skal sjå ut som eit lakseauge i rustfritt stål. Bygget er 256 tonn tungt, 25 meter breitt, 14,5 meter langt og fire etasjar høgt, og er dekka av 9 500 «fiskeskjel» i korrosjonsbestandig super duplex-stål. Det er det danske selskapet Kvorning Design & Communication som har utforma anlegget og Austevoll-selskapet Fluctus som har stått for bygginga.[2] Bygget blei innvigd i 2022.[3][4]

Restaurant Iris[endre | endre wikiteksten]

På «Salmon Eye» finn ein også restauranten Iris, som blei opna våren 2023.[5][6] Restauranten blir driven av den danske kokken Anika Madsen, og i 2024 blei restauranten tildelt ei stjerne av Michelinguiden.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]