Salomo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salomo
Berruguete, Pedro - Salomon - c. 1500.jpg
Konge av Israel
Regjeringstidca. 970–931 fvt.
Føddca. 990 fvt.
FødestadJerusalem
Dødca. 931 fvt.
DødsstadJerusalem
GravstadJerusalem
Gift medNaamah, ei faraodotter
700 kongelege koner og 300 konkubiner[1][2]
DynastiHuset David
FarDavid I av Israel
MorBatseba
BornRehabeam av Juda, Menelik I av Etiopia, Q9166659, Tafat

Salomo, òg skrive Salomon (hebraisk שְׁלֹמֹה, Sjelomo) var ifølgje Den hebraiske bibelen den tredje kongen av det gamle Israel. Han var son av kong David og Batseba.[3] Salomo er omtalt i 1. Kongebok 1–11 og 2. Krønikebok 1–9 i Den hebraiske bibelen/Det gamle testamentet og i Koranen. Etter tradisjonen daterer ein regjeringstida til kong Salomo frå rundt 970 til 931 fvt., tilpassa datoane for kong David si regjeringstid.

Salomo lét byggje det første Tempelet i Jerusalem og vigsla det under sukkót (lauvhyttefesten) hausten 955 fvt.[treng kjelde]

Kort tid etter at han døydde blei landet delt i to rike – Juda i sør og Israel eller Efraim i nord.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «In Our Time With Melvyn Bragg: King Solomon». UK: BBC Radio 4. 7. juni 2012. Henta 2012-06-10. 
  2. Holy Bible. 1 Kings 11:1-3. 
  3. Barton, George A. (1906). «Temple of Solomon». Jewish Encyclopedia. s. 98–101. Henta 2018-10-24. 
  4. Groth, Bente (2018-06-28). «Salomo». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.