Samarskitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samarskitt-(Y)
Samarskite-(Y) - Yancey Co, North Carolina, USA.jpg
Samarskitt-(Y) krystallgruppe, Yancey County i Nord-Carolina (storleik: 3.3 x 2.8 x 1.7 cm)
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formel(YFe3+Fe2+U,Th,Ca)2(Nb,Ta)2O8
Strunz-klassifisering04.DB.25
KrystallsymmetriOrtorombisk dipyramidal (2/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 5.687 Å, b = 4.925 Å, c = 5.21 Å; Z = 2
Identifikasjon
FargeSvart, kan ha ein brunaktig tone, brun til gulbrun på grunn av endring, lys til mørkebrun i transmittert lys
Krystallformkrystallar langstrekte med pyramidal endingar; vanlegvis korna til massive
KrystallsystemOrtorombisk
Kløyv{010}, utydeleg
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5 - 6
Glansglasaktig - harpiksaktig
Strekfargeraudbrun
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment
Tettleik5.6 - 5.8, snitt = 5.69
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparVerkar isotrop
Brytingsindeksn = 2.1–2.2
Endrar seg tilMetamikt
Andre eigenskaparRadioaktiv (meir enn 70 Bq / gram)
Kjelder[1]

Samarskitt er eit svart, bekaktig, radioaktivt mineral som finst på granittiske pegmatittgangar, ofte saman med columbitt. Den kjemiske samansetjinga er særs komplisert, mineralet er i hovudsak eit oksid av niob, tantal, yttrium, lantanoidar, uran med fleire. Mineralet opptrer i metamikt tilstand. Yttrotantalitt er eit nærskyldt mineral der tantalinnhaldet er høgare enn niobinnhaldet.

I Noreg finst det særleg i Østfold, ved Spro på Nesodden og i Iveland.

Samarskite vart først skildra i 1847 etter ein førekomst i Miass i Ilmenfjella sør i Uralfjella i Russland.[1] Grunnstoffet samarium vart først isolert frå ein prøve av samarskitt i 1879. Samarium vart kalla opp etter samarskitt som igjen vart kalla opp etter den russiske gruvedirektøren Vasilij Samarskij-Bykhovets (1803–1870).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]