Columbitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Columbitt-(Fe)
Columbite.jpg
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelFe2+Nb2O6
Strunz-klassifisering04.DB.35
Identifikasjon
FargeSvart, brunsvart.
KrystallformMassiv - korna - vanleg tekstur observert i granitt og andre gangbergartar - stripete - parallelle linjer på krystallflater eller kløyvflater.
KrystallsystemOrtorombisk, (2/m 2/m 2/m), Romgruppe = Pcan
Kløyv[010] tydeleg
BrotUndermuslig - brot utvikla i sprø materiale karakterisert av delvis kurvande flater
Mohs hardleiksskala6
Glansundermetallisk
Strekfargesvartaktig brun
Spesifikk vekt5.3 - 7.3, snitt = 6.3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+), b=2.29-2.4
Andre eigenskaparikkje-radioaktiv, ikkje-fluorescerande.
Kjelder[1][2]

Columbitt-(tantalitt-)gruppa er ei gruppe mineral som omfattar blant anna columbitt-Fe (tidl. ferrocolumbitt), columbitt-Mn (tidl. manganocolumbitt), columbitt-Mg (tidl. magnocolumbitt) og fersmitt. Denne mineralgruppa er nærskyld med euxenitt-gruppa. Columbitt krystalliserer rombisk, er svart med submetallisk glans og er hardt (H 6-6,5) og tungt (5,2 - 6,7 g/cm3 ). Det er kalla opp etter figuren Columbia.

Columbitt-(Fe) er karakteristisk for granittiske pegmatittgangar og finst fleire stader i Noreg. Det er kjemisk sett eit jarn-niob-oksid, FeNb2O6, som dannar blandkrystaller med det tilsvarande tantalmineral, FeTa2O6(tantalitt-Fe).

Columbitt-(Mn) MnNb2O6 finst ofte på same måte som columbitt-(Fe) men er ikkje så vanleg. Minerala kan berre skiljast ved kjemiske analysar. Columbitt-(Fe) er kjent frå mange pegmatittar i Østfold og Iveland-Evje-området. Columbitt-(Mn) er kjent frå til dømes Sørfold, Tokke og Iveland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Columbitt». Store norske leksikon. 6. mars 2009. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Columbitt