Samaveda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samaveda skrive med to indiske skrifter. Øvst devanagari, nedst grantha.

Samaveda (sanskrit सामवेद, sāmaveda, frå sāman 'song' og veda 'kunne') er ein gammal vedisk sanskrittekst, ein av dei fire Vedaene som er gamle overleveringar knytte til hinduismen. Denne vedaen tek for seg melodiar og messing.[1]

Samaveda er ein liturgisk tekst som omfattar 1 549 vers. Bortsett frå 75 vers er alle også med i Rigveda.[2] Det finst tre hovudoverleveringar av Samaveda, med manuskripvariantar av Vedaen funne att i ulike delar av India.[3][4]

Medan dei eldste delane av tekstsamlinga er rekna for å stamma frå så tidleg som den rigvediske perioden, er samlinga slik ho framstår i dag frå den post-rigvediske mantra-perioden av vedisk sanskrit, ca. 1200 eller 1000 f.Kr., om lag frå same tidsrom som Atharvaveda og Yajurveda.[5]

Samaveda inneheld Chandogya Upanishad og Kena Upanishad, to viktige upanisjadar som er mykje studerte og har påverka dei seks skulane av hindufilosofi, særleg vedantaskulen.[6] Klassisk indisk musikk og dans fører røtene sine tilbake til songane og melodiane i Samaveda.[7]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Samaveda er blitt kalla lagerhuset av messekunnskap.[8] Ifølgje Frits Staal er verket «Rigveda sett til musikk».[9] Det set saman eldre melodiar (sāman) og Rig-versa.[9] Samaveda har mange færre vers enn Rigveda,[4] men har meir tekst ettersom verket listar opp alle tilpassingane av versa knytte til messing og rituale.[9]

Teksten i Samaveda omfattar nedskrivne melodiar som truleg er dei eldste melodinotane som er overleverte.[10] Notane står vanlegvis like over og nokre gonger inni tekstlina, anten i stavings- eller i nummerform alt etter kvva samavedisk sakha eller skule som er følgd.[11]

Teksttradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje R.T.H. Griffith finst det tre teksttradisjonar for Samaveda Samhita:[3]

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Utføringa av eit eldoffer ved Gunjanarasimhaswamy-tempelet i Karnataka.

Samaveda har to hovuddelar. Den første delen omfattar fire melodisamlingar (gāna, गान) og den andre delen har tre «versebøker» (ārcika, आर्चिक).[2] Ein melodi i meldoibøkene svarer til eit vers i arcika-bøkene.[2] Gana-samlinga er vidare inndelt i Gramageya og Aranyageya, medan Arcika er delt inn i Purvarcika og Uttararcika.[12] Purvarcika-delen av teksten inneheld 585 strofar og er ordna etter guddom, medan Uttararcika er ordna etter ritual.[12] Gramageya-melodiane er for offentleg framføring, medan Aranyageya-melodiane er for personleg meditativ bruk som når ein er åleine i skogen.[12] Purvarcika-tekstane blei typisk sungne til melodiar skildra i Gramageya-Gānas, og reglane for korleis versa frå dei ulike delane passar er omtalt i sanskrittekstar som Puspasutra.[12]

Som i Rigveda byrjar tidlege delar av Samaveda typisk med hymnar til Agni og Indra, men går etterkvart over til abstrakt spekulasjon og filosofi.[2] Føremålet med Samaveda er til liturgi, og tekstane var repertoaret til udgātṛ eller syngeprestar.[2]

Samaveda er som andre Vedaer sett saman av ulike tekstlag, med Samhita som det eldste og upanisjadane som det yngste.[13]

Samaveda[13]
Vedisk skule Brahmana Upanisjad Shrauta Sutra
Kauthuma-Ranayaniya Pancavimsa Sadvimsa Chandogya Upanishad Latyayana Drahyayana
Jaiminiya eller Talavakara Jaiminiya Kena Upanishad
Jaiminiya Upanishad
Jaiminiya

Analysar[endre | endre wikiteksten]

Samaveda inneheld 1 549 ulike vers, nesten alle frå Rigveda, bortsett frå 75 vers.[2][14] Dei største talet vers kjem frå Bok 8 og 9 i Rigveda.[15] Nokre av Rigveda-versa blir gjentekne fleire gonger. Tek ein med desse repetisjonane omfattar finst det totalt 1 875 vers i Samaveda-utgåva omsett av Griffith.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Døme på ein sama-song under pravargya-ritualet i Gargeyapuram i Karnool.

Samaveda samhita er ikkje meint å bli lesen som ein tekst, men er som eit noteark eller partitur meint for å høyrast.[1]

Staal skriv at melodiane truleg eksisterte før versa blei til i det gamle India, og at orda i Rigveda-versa blei passa til melodiane som fanst allereie, fordi nokre tidlege ord passar inn og flyt, medan seinare ord ikkje heilt passar til melodien i same verset.[1] Teksten brukar kreative strukturar, stobha, til å pynta, forvandla eller leika med ord slik at dei betre passar inn i ein ønkst musikalsk harmoni.[17][18] Nokre vers har meiningslause bånsull-aktige lydar lagt til, truleg av same grunn, seier Staal.[1]

Ein del av den fyrste songen i Samaveda illustrerer lenkja og innpassinga av rigvediske vers i ei melodisk messing:[1]

Instrumentet vina er omtalt i Samaveda.[19]
«

अग्न आ याहि वीतये – Rigveda 6.16.10[20]
Agna ā yāhi vītaye

Samaveda-transformasjon (Jaiminiya-manuskriptet):
o gnā i / ā yā hi vā i / tā yā i tā yā i /

Omsetjing:
Å Agni, kom til gjestebodet.

»

Upanisjadar[endre | endre wikiteksten]

To upanisjadar som er viktige for hinduismen er el av Samaveda – Chandogya Upanishad og Kena Upanishad. Særleg Chandogya har spelt ei historisk rolle i utviklinga av ulike skular i hindufilosofi. Dei filosofiske premissa i Chandogya Upanishad har, til dømess, vore grunnleggjande for vedantaskulen av hinduisme.[6] Det er ein av dei mest siterte tekstane i seinare Bhasya-verk (gjennomganga og kommentarverk) av tenkjarar frå ulike hinduretningar. Adi Shankara siterte til dømes Chandogya Upanishad 810 gonger i sitt Vedanta Sutra Bhasya, meir enn nokon annan oldtidstekst.[21]

Chandogya Upanishad[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er Chandogya Upanishad.
Del av Chandogya Upanishad med devanagari-skrift.

Chandogya Upanishad høyrer til Tandya-skulen av Samaveda.[22] Som Brhadaranyaka Upanishad er Chandogya Upanishad ein antologi av tekstar som må ha eksistert tidlegare som separate tekstar, og som blei samla i eit større verk av ein eller fleire indiske lærde.[22] Den nøyaktige tidfestinga av Chandogya Upanishad er usikker, men upanisjaden er del av det yngste tekstlaget i Samaveda, og er blitt datert til å vera fofatta mellom 700- og 500-talet f.Kr.[23][24]

Teksten i Chandogya kombinerer ein metrisk, melodisk struktur med ei rad vidtrekkjande spekulasjonar og filosofiske emne. Teksten i åttande og niande del av det første kapittelet tek til dømes for seg ein debatt mellom tre menn som er godt kjende med Udgitha, om opphavet Udgitha og all empirisk eksistens.[25] Teksten oppsummerer diskusjonen deira som:

«

What is the origin of this world?[26]
Space, said he. Verily, all things here arise out of space. They disappear back into space, for space alone is greater than these, space is the final goal.
This is the most excellent Udgitha. This is endless. The most excellent is his, the most excellent worlds does he win, who, knowing it thus, reveres the most excellent Udgitha (Om, ॐ}.

»

Max Muller merka at omrepet «space» (rommet) i sitatet over seinare blei brukt i Vedanta Sutra-vers 1.1.22 til å symbolisera det vediske konseptet brahman.[26] Paul Deussen explains the term Brahman means the "creative principle which lies realized in the whole world".[27] Teksten tek også for seg dharma og mange andre emne:

«

There are three branches of Dharma (righteous life, duty): Yajna (sacrifice), Svādhyāya (self study) and Dāna (charity) are the first,
Tapas (austerity, meditation) is the second, while dwelling as a Brahmacharya for education in the house of a teacher is third,
All three achieve the blessed worlds. But the Brahmasamstha – one who is firmly grounded in Brahman – alone achieves immortality.

»

Kena Upanishad[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er Kena Upanishad.

Kena Upanishad er ein del av den siste seksjonen i Talavakara Brahmanam-tradisjonen av Samaveda.[31][32] Han er ein mykje kortare tekst enn Chandogya Upanishad, men tek også for seg filosofiske og andelege spørsmål. I fjerde kapittel seier til dømes Kena Upanishad at alle vesen har ei medfødd lengsl etter andeleg kunnskap, etter å vera sjølvmedviten.[33] Denne kjennskapen til Atman-Brahman er Tadvanam (transcendental lukke).[34] I dei siste avsnitta legg Kena Upanishad fram eit etisk liv som grunnlaget for sjøvmedvit og for kjennskap til Atman-Brahman.

«

Tapas,[35] Damah,[36] Work - these are the foundations, the Vedas are the limbs of the same, the Truth is its fulcrum.

»

—Kena Upanishad, 4.8 (paragraph 33)[37]

Datering og historisk kontekst[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Michael Witzel kan ein ikkje datera Samaveda eller nokon av dei andre vediske tekstane heilt nøyaktig.[38] Han har estimert at samhita-laget av teksten blei forfatta etter Rigveda, i eit truleg tidsrom frå 1200 til 1000 f.Kr., omtrent det same som Atharvaveda og Yajurveda.[38]

Det fanst omlag eit dusin former for Samaveda-messing. Av dei tre overlevande tradisjonen inneheld Jaiminiya den eldste forma.[10]

Manuskript og omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Kauthuma-tradisjonen er blitt gjeven ut (Samhita, Brahmana, Shrautasutra and ancillary Sutras, hovudsakleg av B.R. Sharma), medan delar av Jaiminiya-tradisjonen framleis ikkje er blitt gjevne ut.[39] Det finst ei utgjeving av den første delen av Samhita av W. Caland[40] og av Brahmana av Raghu Vira og Lokesh Chandra,[41] i tillegg til ein gløymd upanisjad,[42] men berre delar av Shrautasutra. Songbøkene er ikkje blitt gjevne ut.[43]

I 1848 gav Theodor Benfey ut ei tysk utgåve av Samaveda,[44] og Satyavrata Samashrami gav ut ei redigert sanskrit-utgåve i 1873.[45] Filipp Fortunatov gav ut ei russisk omsetjing i 1875. [46] Ralph Griffith gav ut ei engelsk omsetjing i 1893.[47]

Samaveda-teksten har ikkje fått like mykje merksemd som Rigveda, fordi bortsett frå dei musikalske og melodiske delane er det meste av det litterære innhaldet allereie kjent frå Rigveda.[48]

Kulturell påverknad[endre | endre wikiteksten]

Indisk klassisk musikk og dans har, ifølgje Guy Beck, djupe røter i dei musikalske og lydlege dimensjonane av Samaveda, i tillegg til upanisjadane og agamaene.[7] I tilleggt il omtalen av synging og messing nemner Samaveda også instrument. Reglane og oppmodingane for speling av ulike instrument er del av ei eiga tekstsamling kalled Gandharva-Veda, og denne Upavedaen er knytt til .[7][49] Teorien kring og strukturen til messing i Samaveda har inspirert grunnleggjande prinsipp i indiske klassiske kunster og opptredenar, og desse røtene er vidt aksepterte av musikkforskarar som tek for seg historia til indisk musikk.[7][50]

«

Our music tradition [Indian] in the North as well as in the South, remembers and cherishes its origin in the Samaveda... the musical version of the Rigveda.

»

—V. Raghavan[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, ISBN 978-0143099864, s 107-112
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Michael Witzel (1997), "The Development of the Vedic Canon and its Schools : The Social and Political Milieu" i Inside the Texts, Beyond the Texts: New Approaches to the Study of the Vedas, Harvard University Press, pages = 269-270
  3. 3,0 3,1 Griffith, R. T. H. The Sāmaveda Saṃhitā, ISBN 978-1419125096, page vi
  4. 4,0 4,1 James Hastings, Encyclopaedia of Religion and Ethics, Vol. 7, Harvard Divinity School, TT Clark, s. 51-56
  5. Michael Witzel The Development of the Vedic Canon and its Schools : The Social and Political Milieu Harvard University
  6. 6,0 6,1 Max Muller, Chandogya Upanishad, The Upanishads, Part I, Oxford University Press, pages LXXXVI-LXXXIX, 1-144 with footnotes
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Guy Beck (1993), Sonic Theology: Hinduism and Sacred Sound, University of South Carolina Press, ISBN 978-0872498556, s. 107-108
  8. Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, ISBN 978-0143099864, page xvi-xvii, Quote: "The Vedas are an Oral Tradition and that applies especially to two of the four: the Veda of the Verse (Rigveda) and the Veda of Chants (Samaveda). (...) The Vedas are not a religion in any of the many senses of that widespread term. They have always been regarded as storehouses of knowledge, that is: veda."
  9. 9,0 9,1 9,2 Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, ISBN 978-0143099864, s. 4-5
  10. 10,0 10,1 Bruno Nettl, Ruth M. Stone, James Porter and Timothy Rice (1999), The Garland Encyclopedia of World Music, Routledge, ISBN 978-0824049461, s. 242-245
  11. KR Norman (1979), Sāmavedic Chant by Wayne Howard (Book Review), Modern Asian Studies, Vol. 13, No. 3, page 524;
    Wayne Howard (1977), Samavedic Chant, Yale University Press, ISBN 978-0300019568
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Guy Beck (1993), Sonic Theology: Hinduism and Sacred Sound, University of South Carolina Press, ISBN 978-0872498556, s. 230 note 85
  13. 13,0 13,1 Frits Staal (2009), Discovering the Vedas: Origins, Mantras, Rituals, Insights, Penguin, ISBN 978-0143099864, s. 80, 74-81
  14. Axel Michaels (2004), Hinduism: Past and Present, Princeton University Press, ISBN 0-691-08953-1, s. 51
  15. Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (red. Gavin Flood), Blackwell, ISBN 0-631215352, s. 76
  16. For 1875 total verses, see numbering given in Ralph T. H. Griffith. Griffith's introduction mentions the recension history for his text. Repetitions may be found by consulting the cross-index in Griffith pp. 491-99.
  17. R Simon og JM van der Hoogt, Studies on the Samaveda North Holland Publishing Company, s. 47-54, 61-67
  18. Frits Staal (1996), Ritual and Mantras, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814127, s. 209-221
  19. Guy Beck (1993), Sonic Theology: Hinduism and Sacred Sound, University of South Carolina Press, ISBN 978-0872498556, s. 107-109
  20. ६.१६ ॥१०॥ Wikisource, Rigveda 6.16.10;
    Sanskrit:
    अग्न आ याहि वीतये गृणानो हव्यदातये ।
    नि होता सत्सि बर्हिषि ॥१०॥
  21. Paul Deussen, The System of Vedanta, ISBN 978-1432504946, s. 30-31
  22. 22,0 22,1 Patrick Olivelle (2014), The Early Upanishads, Oxford University Press, ISBN 978-0195124354, s. 166-169
  23. Patrick Olivelle (2014), The Early Upanishads, Oxford University Press, ISBN 978-0195124354, s. 12-13
  24. Stephen Phillips (2009), Yoga, Karma, and Rebirth: A Brief History and Philosophy, Columbia University Press, ISBN 978-0231144858, Chapter 1
  25. 25,0 25,1 Robert Hume, Chandogya Upanishad 1.8.7 - 1.8.8, The Thirteen Principal Upanishads, Oxford University Press, s 185-186
  26. 26,0 26,1 Max Muller, Chandogya Upanishad 1.9.1, The Upanishads, Part I, Oxford University Press, page 17 with footnote 1
  27. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814684, s. 91
  28. Chandogya Upanishad with Shankara Bhashya Ganganath Jha (Translator), pages 103-116
  29. Max Muller, Chandogya Upanishad Twenty Third Khanda, The Upanishads, Part I, Oxford University Press, page 35 with footnote
  30. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814684, pages 97-98 with preface and footnotes
  31. Johnston, Charles (1920-1931), The Mukhya Upanishads, Kshetra Books, ISBN 9781495946530 (Reprinted in 2014)
  32. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814684, s. 207-213
  33. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814684, page 208
  34. Kena Upanishad Mantra 6, G Prasadji (Translator), pages 32-33
  35. Meditation, Penance, Inner heat, See: WO Kaelber (1976), "Tapas", Birth, and Spiritual Rebirth in the Veda, History of Religions, 15(4), pages 343-386
  36. Self-restraint, see: M Heim (2005), Differentiations in Hindu ethics, in William Schweiker (Editor), The Blackwell companion to religious ethics, ISBN 0631216340, pages 341-354
  37. Paul Deussen, Sixty Upanishads of the Veda, Volume 1, Motilal Banarsidass, ISBN 978-8120814684, pages 211-213
  38. 38,0 38,1 Michael Witzel (2003), "Vedas and Upaniṣads", i The Blackwell Companion to Hinduism (Editor: Gavin Flood), Blackwell, ISBN 0-631215352, s. 68-70
  39. A. Parpola. The literature and study of the Jaiminīya Sāmaveda. In retrospect and prospect. Studia Orientalia XLIII:6. Helsinki 1973
  40. W. Caland, Die Jaiminīya-Saṃhitā mit einer Einleitung über die Sāmaveda-literatur. Breslau 1907
  41. Raghu Vira and Lokesh Chandra. 1954. Jaiminīya-Brāhmaṇa of the Sāmaveda. (Sarasvati-Vihara Series 31.) Nagpur. 2nd revised ed., Delhi 1986
  42. H. Oertel. The Jaiminīya or Talavakāra Upaniṣad Brāhmaṇa. Text, translation, and notes. JAOS 16,1895, 79–260
  43. A. Parpola. The decipherment of the Samavedic notation of the Jaiminīyas. Finnish Oriental Society 1988
  44. Theodor Benfey, Die Hymnen des Samaveda FA Brockhaus, Leipzig
  45. Satyavrata Samashrami, i9dRAAAAcAAJ Sama Veda SanhitaGoogle Books
  46. https://commons.wikimedia.org/w/index.php?title=File:%D0%A4%D0%BE%D1%80%D1%82%D1%83%D0%BD%D0%B0%D1%82%D0%BE%D0%B2_%D0%A4_%D0%A4_%D0%A1%D0%B0%D0%BC%D0%B0%D0%B2%D0%B5%D0%B4%D0%B0_%D0%90%D1%80%D0%B0%D0%BD%D1%8F%D0%BA%D0%B0_%D0%A1%D0%B0%D0%BC%D1%85%D0%B8%D1%82%D0%B0_1875.pdf&page=4
  47. Griffith, Ralph T. H. The Sāmaveda Saṃhitā. Text, Translation, Commentary & Notes in English. Translated by Ralph T. H. Griffith. First published 1893; Revised and enlarged edition, enlarged by Nag Sharan Singh and Surendra Pratap, 1991 (Nag Publishers: Delhi, 1991) ISBN 81-7081-244-5; This edition provides the text in Devanagari with full metrical marks needed for chanting.
  48. SW Jamison and M Witzel (1992), Vedic Hinduism, Harvard University, s. 8
  49. H Falk (1992), Samaveda und Gandharva (tysk), i Ritual, State, and History in South Asia (Editors: Heesterman et al), BRILL, ISBN 978-9004094673, s. 141-158
  50. SS Janaki (1985), The role of Sanskrit in the Development of Indian Music, Journal of the Music Academy, Vol. 56, pages 67, 66-97

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Samaveda ved Wikisource (sa).

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Samaveda