Sameby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein sameby er ei juridisk eining innanfor samisk reindrift i Sverige.[1] Samebyane tilsvarer på mange måtar dei norske reinbeitedistrikta, med nokre vesentlege skilnader. Samebyane byggjer på, men er ikkje alltid samanfallande med den tradisjonelle sidainndelinga i det samiske samfunnet.

Retten til reindrift er i Sverige knytt til samisk herkomst og medlemskap i ein sameby (i tillegg er det visse unntak for reindift i Tornedalen. Om lag 10 % av alle svenske samar er medlem av ein sameby.[2] Til skilnad frå dei norske reinbeitedistrikta forvaltar mange av samebyane òg retten til jakt og fiske innanfor grensene sine, og har òg rett til ved, bygningsmateriale og duodjimateriale til eige bruk.

Samebyane er heimla i den svenske Rennäringslagen frå 1971,[3] og i eldre lovar attende til den første renbeteslagen i 1886. Det er i alt 51 samebyar i Sverige.[4] Dei er delte inn i 33 fjellsamebyar, 10 skogsamebyar og 8 konsesjonssamebyar i Tornedalen.[2] I 2010 var 4 686 reineigarar medlemmar av samebyane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. For norske lesarar er det nyttig å vita at by på svensk betyr 'bygd' eller 'landsby', ikkje ein urban «by», som på svensk heiter stad.
  2. 2,0 2,1 Samebyerna organiserar renskötseln hos samer.se
  3. Rennäringslag hos riksdagen.se
  4. Karta över samebyarna i Sverige hos samer.se