Duodji


Duodji er ei nemning på tradisjonelt samisk handverk og kunsthandverk. Ordet duodji vert bruka både om det å lage noko og det som vert laga.
Materiale
[endre | endre wikiteksten]I duodji brukar ein naturmateriale som skinn, pels, trerøtter, horn og bein, til å lage forskjellige gjenstandar. Ulike delar av reinsdyret vert mykje bruka til duodji. Anna tradisjonelt materiale som har vore bruka er glasperler, tinn og ull. Ein skil tradisjonelt mellom «mjuk» duodji, arbeid i tekstil og skinn som vart utført av kvinner, og «hard» duodji, arbeid i metall, tre, stein, horn og bein, som vart utført av menn.


Produkt
[endre | endre wikiteksten]Duodjitradisjonen har først og fremst gått ut på å laga bruksgjenstandar og klede, men har som anna brukskunst òg vore driven av estetikk. Nokre gjenstandar blei laga for byttehandel og sal. Tradisjonelle ting ein kan laga innan duodji er klede, smykke, guksiar (trekoppar), komser, pulkar og ski. Gjenstandane vil ofte ha spesielle fargar og former, gjerne prega av lokale tradisjonar eller familietradisjonar.
I nyare tid har ein også laga andre ting inspirert av tradisjonell utforming, og det er kome til nye element, som meir figurativ kunst. Det er også vorte vanlegare å laga duodji for sal.
Opplæring og fremjing
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt var opplæringa i duodji ein sjølvsagt del av opplæringa i heimen. I Noreg er utdanninga innan duodji no ein del av utdanningsprogrammet Design og handverk med to år på skule og to år i lære ute i bedrift. Første skoleåret er «Vg1 Design og handverk» og andre skoleåret er «Vg2 Design og duodji». Opplæringa omfattar arbeid i verksemd og fagbrev.
Duodji er særskilt studiefag ved Samisk høgskole i Kautokeino. I 2010 utnemnde høgskulen Gunvor Guttorm til verdas første professor i dudji. I 2011 delte høgskolen ut dei første bachelorgradane i duodji nokonsinne.[1]
Duodjeinstituhtta (DI) i Kautokeino vart stifta i 1993 og har fremjing av næringsutvikling frå tradisjonell duodji som målsetjing.
Sámi duodji-merket er eit nordisk sløydmerke som garanterer at produktet er laga etter samiske håndverkstradisjonar og at det er brukt tradisjonelle materiale og teknikkar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Åse Pulk (8. januar 2010), Historiens første duodji-professor, NRK Sápmi
Siv Eli Vuolab, Oddbjørg Hætta Sara (8. juni 2011), Duodji-akademikere, NRK Sápmi
- «duodji» i Store norske leksikon. Henta 2011-10-09.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Duodjiinstituhtta Arkivert 2012-09-02 ved Wayback Machine.
- Samisk-norsk ordliste knytt til duodji Arkivert 2014-12-17 ved Wayback Machine. ved Duodjiinstituhtta
Utsal
- Duodjin Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine., salsportal administrert av Duodjiinstituhtta
- Design og håndverk - Duodiar Arkivert 2009-02-06 ved Wayback Machine.