Samira Saïd
Samira Saïd | |||
![]() | |||
Fødd | 10. januar 1962 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rabat i Marokko | ||
Fødenamn | Samira Saïd arabisk سميرة سعيد | ||
Opphav | Marokko, Egypt | ||
Aktiv | 1975–i dag | ||
Sjanger | Arabisk musikk og pop | ||
Instrument | Vokal | ||
Plateselskap | MegaStar, Mazzika, EMI Arabia, Alam El Phan, Rotana, Golden Cassette, Moriphone, Sawt El Emarat og Al Forsan | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, plateprodusent, skodespelar og entreprenør | ||
Gift med | Hani Mehanna |
Samira Abdelrazak Bensaïd[1][a] (fødd 10. januar 1962 i Rabat), profesjonelt kjent som Samira Saïd[b], er ein marokkansk-egyptisk songar som har budd i Egypt sidan 1977 og er kjend for sin musikk innan egyptisk arabisk sjanger.[1] Ho representerte Marokko i Eurovision Song Contest i 1980 og er per dags dato den einaste deltakeren som har representert Marokko, og eit afrikansk land, i konkurransen.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]
Samira Bensaïd blei fødd i 1958 i Rabat, Marokko, av ein far frå Rabat og ei mor frå Fez.[2][3] Ho byrja å syngje i ein alder av ni år og blei oppdaga i musikkprogrammet Mawaheb, som blei sendt på marokkansk fjernsyn. Deretter flytta ho til Egypt, der hennar karriere i den arabiske verda tok fart. Ho har dobbelt statsborgarskap i Marokko og Egypt, der ho har budd sidan ho flytta til Kairo i 1977.[4]
Alle albuma hennar er på egyptisk arabisk, men ho har også spelt inn nokre songar på marokkansk-arabisk, som «Kifash Tlakina», «Fayetli sheftek shi marra», «Sarkouh» og «Al Behhara». Blant singlane hennar finn vi «Maghlouba» og «Wa’ady». I 1980 representerte ho heimlandet Marokko i Eurovision Song Contest med songen «Bitaqat Hub», som blei ein hit i Nederland på den tida. Ho enda på 18. plass av 19 deltakarar. Dette var fyrste og førebels einaste gongen at Marokko, og eit afrikansk land, deltok i Eurovision Song Contest. Saïd har spelt inn ei rekkje arabiske hits som har fått stor suksess i Egypt, blant anna «Ben Lef», «Sayidati Sadati», «Malich 3inwan» og “Akher Hawa”. Hun samarbeidde med den egyptiske komponisten Mohamed El Mougi og spelte i filmen Saaktob Ismak Ala Arrimal, der ho framførte «Yadamiiti Haddi». Andre kjende songar inkluderer «Lilet El Ouns», «Ech Gab Li Gab», «Amrak Aagib» og «Menghir Sabab».
I 2000 ga Saïd ut songen «Lilah Habeebee», tittelsporet frå albumet, som vann prisen for beste musikkvideo i den arabiske verda under Cairo Arabic Music Festival i 2001. Under World Music Awards i 2003 vann Said ein pris basert på verdsomspennande salstal. Ho vann også BBC’s World Music Award for beste artist i Midtausten med albumet Youm Wara Youm og har mottatt over 40 prisar i løpet av sin karriere.[5][6][7][8]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Musikkeksperten Halina Hopkins skildra Said som «eit symbol på transnasjonalitet gjennom hennar rørsler mellom Marokko og Egypt, i tillegg til dei ulike prisane og showa ho har motteke og delteke i som ein representant for det arabiske musikkmiljøet.»[9]
I 2003 blei Saïd kåra til den beste songaren i Midtausten av BBC Radio 3 Awards for World Music.[10] Ho vann Rabab D’or-prisen under Tétouan’s Voix des Femmes Festival i 2008 og mottok Murex d’Or-prisen i 2009.[11][12]
På Timitar-festivalen i Agadir i 2009 opptredde Saïd framfor eit publikum på 100 000 menneske.[13] I 2011 blei ho heidra under Beirut International Award Festival (BIAF), saman med fleire arabiske og internasjonale artistar.[14][15]
Saïd har både fått ros og kritikk for å bringe arabisk musikk inn i ein meir popdriven og kommersiell retning i det 21. århundret.[16]
Ifølgje den egyptiske avisa Al-ʾAhrām har albuma til Saïd solgt over 60 millionar eksemplar. Albumet Aweeny Beek er det mest selde arabiske albumet nokonsinne, med over 10 millionar selde eksemplar sidan utgjevinga i 2004.[8][17][18]
Musikalsk stil
[endre | endre wikiteksten]
Halina Hopkins uttala at «ein av grunnane til at musikken til Saïd er så populær, er den tonale venleiken i stemmen hennar i kombinasjon med instrumenteringa. Den sentrale rolla til stemmen spegler hennar personlege innverknad i sitt arbeid».[9]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Frå 1988 til 1994 var Saïd gift med den egyptiske musikeren Hany Mehanna. Seinare gifta hun seg med forretningsmannen Mustafa Naboulsy, og saman har dei sonen Shady.[19]
I fleire intervju har Said uttrykt eit ønske om å returnere til Marokko og bu nær familien og sine kjære.[20]
Filantropi og humanitært arbeid
[endre | endre wikiteksten]Saïd har arrangert konsertar for å samle menneskr etter opptøyane i innvandrarsamfunna i Frankrike i 2006 og for å fremje solidaritet mellom ulike trusretningar.[21][22][23]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arabisk: سميرة عبد الرزاق بنسعيد, romanisert: Samīra ʿAbd ar-Razzāq ibn Saʿīd
- ↑ arabisk: سميرة سعيد, romanisert: Samīra Saʿīd
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Samira Said tease ses fans avec un mystérieux nouveau project», ledesk.ma
- ↑ libvoice.net. «سميرة سعيد». Henta 6. november 2011.
- ↑ «Samira Saeed reveals why her father's family refused to enter the field». saudi24news.com. 19. februar 2021.
- ↑ «Such the dutiful citizen! Samira Saeed takes voting very seriously, no matter the country she resides.», albawaba, «Samira had announced from the polling center where she cast her vote, that it is the civil duty of every Egyptian citizen to vote for the amended constitution.»
- ↑ Samira Said: Winner in the Middle East Category; Garth Cartwright; 2002
- ↑ Winners of the 2003 World Music Awards; 12. oktober 2003; Monaco; Billboard.com;
- ↑ LG Fait Chanter Samira Bensaid Arkivert 2013-11-11 ved Wayback Machine.; Aujourd’hui le Maroc; 2004
- ↑ 8,0 8,1 Samira Saeid; the Best-seller Moroccan Singer in Arabic Music History; hitmarker.com Best Sellers; Stars Cafe Entertainment; 2009
- ↑ 9,0 9,1 «Kolleena Ensan: Samira Said's Music as an Interpretation of Moroccan Women's Cultural Identity» (PDF). Halina Hopkins. Valparaiso University. 31. mars 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 11. november 2013.
- ↑ «Awards for World Music 2003 - Samira Said (Egypt)». BBC Radio 3. Henta 29. juli 2018.
- ↑ «Samira Said Glows in Front of 60,000 Fans». Al Bawaba (Associated Newspapers). 28. juni 2009. Arkivert frå originalen 27. juni 2009. Henta 28. juni 2009.
- ↑ «Star Scene: Murex D'or Hosts its 9th Award Ceremony». Associated Newspapers. 2009.
- ↑ «Timitar Festival 2009». BBC (BBC Radio 3). 2009.
- ↑ «The Beirut International Awards Festivals (BIAF) honored Samira Said». BIAF. 2012. Arkivert frå originalen 11. november 2013.
- ↑ «Pack of Cards». Al-Ahram Weekly; Issue No. 1076 (Associated Newspapers). 15. desember 2011. Arkivert frå originalen 11. november 2013.
- ↑ Mowafi, Amy (10. september 2010), Samira Said: The Time of Her Life, arkivert frå originalen 29. mai 2012
- ↑ Samira Said: A Moroccan Star Shines in the Arab World; Magharebia.com; 2009-02-05)
- ↑ Samira Said's record "Ayaam Hayati" Has Been Ranked No. 1 Best-selling Album of 2008; البوم سميرة سعيد يحتل المرتبة الأولى; AlRiyadh.com. (2004-12-16)]
- ↑ «How Is Your Relationship With Your Mother During Home Stay? Samira Said Is Dancing With Her Son In Full Glam!». albawaba.com. 15. april 2020.
- ↑ «Moroccan Singer Samira Said to Return Permanently to Morocco».
- ↑ «Samira Saeed Fights Terrorism». Al Bawaba (Associated Newspapers). 9. mai 2006. Henta 12. desember 2009.
- ↑ «Concert Pour la Tolérance: Réussi, Oui Mais». GoAgadir (Associated Newspapers). 2. november 2007. Henta 2. november 2007.
- ↑ «Concert Pour la Tolérance 2007 à Agadir». news.agadir-souss.com (Associated Newspapers). 29. september 2007. Arkivert frå originalen 12. mars 2009. Henta 29. september 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Samira Said» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2025.