Marokko i Eurovision Song Contest
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Uttakingar | |||||
| Internt | 1 | ||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 1980 | ||||
| Deltakingar | 1 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Finalen | 18 (1980) | ||||
| Verste resultat | |||||
| Finalen | 18 (1980) | ||||
| Poeng | |||||
| Finalane | 7 | ||||
| Totalt | 7 | ||||
Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Landet har berre delteke ei gong. Bidraget vart valt av SNRT.
Deltaking
[endre | endre wikiteksten]Marokko er det fyrste, og førebels einaste, afrikanske og arabiske landet som har delteke i Eurovision Song Contest. Det var òg fyrste gongen eit av bidraga var sunge på arabisk.
Songen, «Bitakat Hob», fekk berre sju poeng i tevlinga, alle frå Italia, og enda på 18. plass.
På grunn av den dårlege plasseringa i 1980 trekte Marokko seg frå tevlinga og har aldri delteke sidan.
Framtidig deltaking
[endre | endre wikiteksten]Den marokkanske kringkastaren 2M TV har uttrykkja sin intensjon om å verte medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). 2M TV vil gje det marokkanske folk ein sjanse til å delta i Eurovision Song Contest. Kringkastaren har berre høve til å delta om dei vert medlem i EBU.[1][2][3]
Bidraga i Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]| År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen- | ||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
| Samira Bensaïd | «Bitakat Hob» | Arabisk | 007 | 18 | |||
Røystegjeving
[endre | endre wikiteksten]Finale
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Morocco in the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2011.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Commercial channel interested to join Eurovision Song Contest» (på engelsk). Oikotimes. 12. juli 2007. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 11. november 2012.
- ↑ Kuipers, Michael (12. juli). «Morocco to return in the next few years?» (på engelsk). ESCToday. Henta 11. november 2012.
- ↑ «Commercial channel interested to join Eurovision Song Contest» (på engelsk). Oikotimes. 31. august 2008. Arkivert frå originalen 6. september 2008. Henta 11. november 2012.