Samovar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Samovar (russisk самовар) er ein tradisjonell tekokar kjend frå området rundt Russland og andre slaviske land, og dessutan i Tyrkia. Han skal ha blitt oppfunnen i Russland.
Opphavleg hadde samovaren eit metallrøyr i midten av ein vasstank. Røyret blei fylt med glødande trekol, som varma opp vatnet. Det kokande vatnet blei tappa ved hjelp av ei kran. Ofte har samovaren ei lita mugge konsentrert te på toppen. Ein heller litt konsentrat og fortynnar etter ønske med kokande vatn frå krana.
Samovarar finst i mange utformingar, og kjem no òg med elektrisk oppvarming.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Barokk samovar frå 1700-talet, på ein sovjetisk frimerkeserie av samovarar frå 1989.
Samovar av Gzjel-keramikk
Samovar med tekanne og susjkiar
Samovar i Tomsk museum
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Samovar» frå Wikipedia på bokmål, og «Samovar» frå Wikipedia på dansk den 6. oktober 2021.