Samveldet av uavhengige statar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Samveldet av Uavhengige Statar (SUS)
SUS

Samveldet av uavhengige statar (SUS) (russisk: Содружество Независимых Государств (СНГ) - Sodruzhestvo Nezavisimykh Gosudarstv) er ein konføderasjon eller allianse som består av tolv av dei tidlegare 15 sovjetrepublikkane, noverande statane, som utgjorde Sovjetunionen. Landa som ikkje er med, er dei tre baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. I tillegg har landet Georgia vedteke å melde seg ut av SUS.

Hovudkvarteret ligg i Minsk i Kviterussland. Danninga av SUS markerte at Sovjetunionen var blitt oppløyst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samveldet av uavhengige statar blei danna den 21. desember 1991 ved at elleve av dei tidlegare 15 sovjetrepublikkane i Sovjetsamveldet signerte eit charter i Alma Ata i Kasakhstan. Dette skjedde utan at Sovjetunionen på førehand var blitt formelt oppløyst. Charteret for SUS stadfesta at alle medlemmane var sjølvstendige nasjonar, noko som gjorde det klart at Sovjetunionen var avvikla som statsdanning.

Seinare slutta også Georgia seg til SUS. Dette skjedde etter ein borgarkrig der russiske troppar intervenerte til fordel for den pro-russiske Sjevardnadse-regjeringa.

Samarbeidstiltak[endre | endre wikiteksten]

Samveldet av uavhengige statar er ei laus samanslutning, men med fleire samarbeidstiltak og samarbeidsprosjekt.

Det har såleis vore halde diskusjonar om å opprette eit «fellesøkonomisk rom» for Russland, Ukraina, Kviterussland og Kasakhstan. Ein intensjonsavtale om å danne eit slikt område blei signert 23. februar 2003, der det blei avtalt at hovudkvarteret skal ligge i Kiev. Tanken er at andre land skal ha høve til å slutte seg til området på eit seinare tidspunkt. Parlamentet i Ukraina, Verkhovna Rada, stemte i mai 2003 for å slutte seg til det fellesøkonomiske rom (266 stemmer for, 51 stemmer mot). Den seinare politiske utviklinga i Ukraina gjorde at dette samarbeidet har lege på is sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]