Sandshamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°15′10.948″N 5°28′47.496″E

Sandshamn er ei bygd på Sandsøya i Sande kommune i Møre og Romsdal. Bygda ligg på austsida av Sandsøya, og omfattar mellom andre matrikkelgarden Nøresande. Sandshamn ligg rundt 2 km nordaust for matrikkelgarden Kyrkjesande, der kyrkja på øya står. I dag er det fiskemottak, hummaravl og ei gjestehamn på staden.

Fiskeværet Sandshamna fekk bygt molo i 1938, moloen vart forlenga i 1961. Fylkesveg 6 går gjennom bygda til ferjesambamd på øya Voksa. Sandshamn, som ligg 46 kilometer sjøveg sørvest for Ålesund, hadde anløp av rutebåt frå 1891 til 1965. Dei neste tretten åra hadde staden ferjesamband med Åram og Larsnes, sidan har ferjeruta gått frå granneøya Voksa. Sandshamn hadde fast postopneri frå 1891.

Frå slutten av 1600-talet var Sandshamna ein større handelsstad. I andre halvdelen av 1800-talet var staden eit av dei største fiskeværaSunnmøre. Kring 1867 vart det bygt overnattingshus til 1 200 mann og ei sjukestove med 18 senger. I sesongen kunne bygda då vere tilhaldsstad for opp til 2 000 fiskarar. Då det vart installert motor i dei små havfiskebåtane kring 1905-10 vart behovet for bustader i land mindre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandesoga, band III. 1997
  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960