Sande kommune i Møre og Romsdal
Sande kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Larsnes | ||
Areal | 93,21 km² | ||
- land | 90,17 km² | ||
- vatn | 3,04 km² | ||
Folketal | 2 442 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Olav Myklebust (Sp) | ||
Kommunenr. | 1514 | ||
![]() Sande kommune | |||
Wikimedia Commons: Sande, Møre og Romsdal | |||
Nettstad: www.sande-mr.kommune.no | |||
Sande er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Selje.
Lokalavisa for Sande er Vestlandsnytt, medan Sunnmørsposten er regionavis.
Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]
Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist kvar sommar med stor suksess.
Kjende folk frå Sande kommune[endre | endre wikiteksten]
- Bernt Støylen (1858–1937), salmediktar og teolog
- Olaf Storegjerde (1879-1958), fotograf
- Bjartmar Gjerde (1931–2009), politikar (Arbeidarpartiet), kringkastingssjef (NRK) 1981-1989
- Odd Lovoll (1934-), norsk-amerikansk historikar og professor ved St. Olaf College, Minnesota, USA
- Jan Åge Fjørtoft (1967– ), landslagsspelar i fotball, klubbtrenar i Tippeligaen og kommentator på NRK og TV3
- Magnus Myklebust (1985– ), fotballspelar i LSK og på ungdomslandslaget