Sandsøya i Sande
| Sandsøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnmøre |
| Koordinatar | 62°15′15″N 05°26′45″E / 62.25417°N 5.44583°E |
| Høgaste punkt | Rinden (369 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Demografi | |
| Folketal | 183 |
Sandsøya er ei øy i Sande kommune i Møre og Romsdal. Den største busetnaden på øya er Sandshamn. Like aust for Sandsøya ligg Gurskøy og i sør ligg Kvamsøy. På øya går Fylkesveg 5860 mellom Skare og Helland, med ei sidegrein til ferjekaia på Voksa.[1]
Sandsøya var tidligare delt i to krinsar, Nøre Sandsøy og Søre Sandsøy, som berre er skilde av eit smalt sund. Bru over sundet vart opna i 1939.
Det høgaste punktet på øya er Rinden på 369 meter over havet. Ein finn og fjellformasjonen Dollsteinen med helleren Dollsteinhola, som er omlag 185 meter lang.[2]
På Sandsøya har det vorte satsa på reiseliv, og ein finn rundt 250 gjestesenger på øya. Det er ein matvarebutikk, som ligg i Sandshamn.
På øya står Sande kyrkje frå 1880. Der har vore kyrkje på Sandsøy sida midten av mellomalderen.[3] Det finst spor av menneskeleg aktivitet på øya frå langt tilbake i tid, mellom anna er det funne ardfòrer som vitnar om åkerbruk i bronsealderen.[4]
Folketalsutvikling:
| 1801[5] | 1900[6] | 2000[7] | 2024[7] |
|---|---|---|---|
| 179 | 396 | 315 | 183 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Søk i Norgeskart». Henta 28. november 2023.
- ↑ Frode Sætre: «Frå tare til topp» (2012)
- ↑ Isak Våge: Sandsøya og Sande kyrkje
- ↑ Solberg, B. (1984). «Heile Sunnmøre vert busett». I Indrelid, S. & Larsen Ugelvik, S. Sunnmøres forhistorie. Sunnmørspostens forlag. s. 92. ISBN 8299093732.
- ↑ Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Sande herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå