Santamartakolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartakolibri
Santamartakolibri
Santamartakolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Santamartakolibri
Utbreiinga av Santamartakolibri
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Chaetocercus
Art: Santamartakolibri C. astreans
Vitskapleg namn
Chaetocercus astreans

Santamartakolibri (Chaetocercus astreans) er ein liten og fargerik kolibri som er endemisk til Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre artane i slekta Chaetocercus er santamartakolibrien ein liten kolibri med rettpeikande nebb, totalt berre ca. 7 centimeter. Praktdrakta til hannen har fleire farger: oversida av hovudet og nakken er skinande grøn, grønfarga går gradvis over i mørk skinande blått på rygg og bakkropp. Strupen og halsen er iriserande raud med bakoverstikkande, raude fjører. Brystet er lyst grått. Hofuglen har meir avdempa farger, heile oversida er bronsegrøn, undersida inkludert strupe er varierande lys kanelraud. Ho har ein mørk flekk på kinnet. Den stutte halen er kløfta hos hannfuglen, men meir avrunda hos hoa. Begge har ein iaugefallande kvit flekk på kroppsidene.[1]

Leveområdet er relativt lågt i Sierra Nevada de Santa Marta, ca. 825-2000 moh. i utkanten av skog og i kaffiplantasjar med skugge. Populasjonen er ikkje estimert, men arten er vanleg innanfor utbreiingsområdet og bestanden er trudd å vere stabil og livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Züchner et al (1999)
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]